Hopp til innhold

Er du ein pustar, eller ein pesar?

Du pustar 20.000 gonger om dagen, men tenkjer sjeldan over det. Gjer du det rett, eller blir pustinga eit pes?

Yoga for bedre pust
Foto: Chris Curry / AP

Ifølge fleire ekspertar kan feilpusting gjere at du blir sjuk, og du kan få alvorlege helseplagar. Du kan også bli stressa og få muskelspenningar, fortel pusteterapeut Alexander Skari.

- Pusten påverkar alt i kroppen. Både smerter og spenningar i skuldrer, nakke, armar. Betennelsar, prolaps, matintoleranse, angst og frykt kjem ofte av undertrykte følelsar som set seg i pusten.

Eit samfunnsproblem

Når vi pustar, går oksygenet til alle cellene i kroppen, til hjernen din og dei vitale organa. Men undertrykkjer du følelsar, stress, ubalanse eller urolege tankar kan du lett puste feil, fortel Skari. Blir arbeidsdagen din for eksempel prega av redsel og du flykter frå problema, får du dårlege pustevanar og kan bli sjuk.

- Det som er problemet er at mange sit med denne reaksjonen heile tida på arbeidsplassen, og får ikkje ut stresset gjennom fysisk aktivitet, seier Skari.

Han trur pusteproblema har blitt eit samfunnsproblem.

- På same måte som vi lærer å gå, eller røre oss, så lærer det vestlege samfunnet oss å puste på ein spesiell måte. Ofte blir vi opplærd til å halde att pusten fordi vi undertrykkjer ein del ting i oss sjølv. Andre gonger trekkjer vi pusten ned i magen, men gløymer å puste ut. Dermed forsvinn balansen mellom inn- og utpust.

- Vis meg korleis du pustar, og eg veit korleis du lever

Skari seier han får mange telefonar frå folk som treng hjelp til å få kontroll på pusten. Men mange leiter etter lettvinte løysingar. Det går ikkje, fortel han.

Alexander Skari

Pusteterapeut Alexander Skari får ofte besøk av folk som treng hjelp til å lære seg å puste riktig. Han seier det kan ta lang tid og at ein må gå i seg sjølv for å klare det.

- På same måte som å endre eit tankemønster, må du endre eit pustemønster, og då må du gå i djupna, så eg jobbar med ein prosess for å få folk til å forstå korleis ting heng saman.

Vidare fortel han at medan mange trur dei ikkje toler mat, kan det faktisk berre vere at du har undertrykt tidlegare problem og latt det gå til pusten.

- Pusten fjernar 70 prosent av avfallsstoffa i kroppen, og er den viktigaste kjelda til energi. Vi i vesten er veldig opptekne av kva vi et, men i Austen seier dei ofte "vis meg korleis du pustar, og eg veit korleis du lever." Pusten seier veldig mykje om helsetilstanden, avsluttar han.

Les meir kvifor det kan vere farleg å puste feil

AKTUELT NÅ