Hopp til innhold

Ventar 15 000 asylsøkjarar

Dobbelt så mange har søkt asyl i Noreg til no i år som på same tid i fjor. Det syner nye tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Teltleir Våler
Foto: Birger Kjølberg / NRK

Til no i år har 5400 personar søkt asyl. Berre i juni søkte over 1000 personar om asyl, og dette talet vil høgst truleg ikkje gå ned dei komande månadane.

Les: Disse får neppe asyl i Norge

Vil stoppe ni av ti asylsøkere

- Kjem fleire andre halvår

Ida Børresen, direktør i UDI
Foto: NRK

- Det kjem alltid fleire andre halvår enn fyrste halvår. Vi trur at vi innan utgangen av året kjem opp i 15 000 asylsøkjarar, sa direktør Ida Børresen i UDI då ho la fram halvårstala for direktoratet i dag.

Så langt i år har talet på asylsøkjarar stige med 120 prosent.

- Godkjenningsprosenten går ned

Samstundes har prosentdelen av søknader som vert godkjent gått ned. Medan 60 prosent av dei 1478 søknadene som vart handsama fyrste halvdel av fjoråret gav opphaldsløyve, fekk nesten 60 prosent av dei 2978 søkjarane som har fått saka si handsama i år avslag.

- Denne markerte endringa kjem fyrst og fremst av at vi har endra praksisen for Kosovo og Tsjetsjenia. Vi gjev fleire avslag for desse områda no enn før, seier Børresen.

Godkjenningsprosenten har også gått ned for alle andre land enn Sri Lanka og Etiopia.

Treng fleire tusen nye mottaksplassar

Den kraftige auken av asylsøkjarar kjem etter fleire år med stabilt tal asylsøkjarar, og har såleis kome uventa på UDI. Det har skapa store problem i forhold til å skaffe naudsynte mottaksplassar.

Les også: Plasserer asylsøkere i telt

Vil bruke tvang mot kommunane

- For å handtere situasjonen treng vi ein nasjonal dugnad der lokale krefter medverker, seier Børresen i ei pressemelding.

Ved utgangen av juni budde 9300 personar i asylmottak i Noreg. Til no i år er det oppretta 4000 nye mottaksplassar, men det trengst mellom 5000 og 7000 plassar til, melder UDI.

15 000 asylsøkjarar i 2008 utgjer ikkje meir enn om lag 0,09 prosent av alle flyktningane i verda, påpeiker UDI-direktøren. Men dei kjem til å utgjere ein ny topp i statistikken i Noreg.

- Aukar frå svært mange land

Medan tidlegare stigingar i talet på asylsøknader kan knytast til krigar eller konflikter, har denne stiginga andre årsaker.

- Toppen i 1992 og 1993 kom av krigen i Bosnia og toppen i 2002 og 2003 var ei følgje av krigen i Kosovo, men no ser vi ei auke av søkjarar frå svært mange ulike land, seier Børresen.

Størstedelen av asylsøkjarane som har kome til landet til no i år kjem frå Irak, Eritrea, Russland, Serbia og Kosovo og Somalia.

Dei fleste kjem for arbeid

Til trass for stor auke, så utgjer ikkje asylsøkjarane meir enn 3 prosent av innvandringa til Noreg.

Dei nye tala frå UDI syner at 66 prosent av dei som kjem til Noreg er arbeidsinnvandrarar, 6 prosent kjem for utdanning og 25 prosent kjem fordi dei har familie i Noreg.

Talet på arbeidsinnvandrarar har hatt ei jamn stiging sidan 2003. Til no i år er det gjeve nesten 100 900 arbeidsløyve. Dette er 24 800 fleire enn på same tid i fjor.

Ifølgje UDI-direktør Ida Børresen vert fleire og fleire arbeidsinnvandrarar verande i landet.

- Trenden vert sterkare og sterkare. Fleire kjem for å arbeide, dei vert her lengre og dei tek med seg familien hit.

AKTUELT NÅ