Diskriminerande med jentedo?

Skeiv Ungdom vil kvitte seg med kjønnsdelte toalett på skulane, og få inn eigne garderobar for dei som ikkje trives i den tradisjonelle kjønnsdelinga.
Publisert 27.06.2008 15:54. Oppdatert 27.06.2008 19:30.
- Skriv ut
Er jentedo-skilt diskriminering? Skeiv Ungdom meiner ja.
Julia Loge i Skeiv Ungdom sier det er på tide at både bifile og transpersonar får same status og aksept i samfunnet som homoseksuelle har fått dei siste åra.
- Mykje kan gjerast med enkle grep. Toalett som ikkje er merka med anten jente- eller gutedo, og garderobar for som ikkje er merka med kjønnsdelte skilt vil gjera det enklare fordi ein då slepp å velja ein bås heile tida, påpeikar Loge.

Julia Loge meiner skulen bør avskaffa kjønnsdelte toalett
Skjellsord
- Homo er det mest brukte skjellsordet på norske ungdomskular, og det seier noko om kor vanskeleg det er å veksa opp som "annleis" enn dei forventa kjønnsrollane, fortsettar ho.
Ho meiner bifile og transpersonar er der homofile var på 60-talet når det gjeld rettar, aksept og toleranse både på skulen og elles i samfunnet.
Kunnskap om transpersonar og bifile bør vera pensum på lærarskulen, meiner ho.
- Slik kan lærarar møta elevar som ikkje kjenner seg heime i den tradisjonelle kjønnsdelinga og hjelpa dei til å kjenna seg meir aksepterte.
For mange barn er læraren den viktigaste vaksenpersonen utanfor heimen. Nettopp derfor er det viktig at skulen spreier kunnskap om transpersonar og bifile, meiner Loge.
Transer bør inn i skulen
Reidun Campell i Foreningen for Transpersoner er einig i at skulen er ein bra stad for å endra folk sine haldningar.

Reidun Campell meiner skulen veit for lite om transpersonar
- Vi opplever i dag at det er veldig lite kunnskap om kva det er å vera transperson, både i helsevesenet og i skulevesenet, seier Campell.
Denne veka la regjeringa fram ein tiltaksplan som skal betra livskvaliteten for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar i Noreg.
Men medan homofile mellom anna gjennom lanseringa av den nye kjønnsnøytrale ekteskapsloven no har same rettar og lovvern som alle andre, er det framleis langt att for transpersonar, meiner Campell.

Amnesty ber Norge legge Syria-press
De var de siste som så Berserk
