19.03.2010

Slik skal det gjerast, Solheim!

Oxford Dictionary of English (Foto:Ian Nicholson, EMPICS)

Norske politikarar får slakt for dårleg engelsk av professor Bernt Hagtvedt, men Erik Solheim sin politiske arvtakar fekk toppscore på NRK sin språktest idag.

- Dette er mest av alt ei morosam sak, seier nybakt leiar i Sosialistisk Ungdom Mali Steiro Tronsmoen.

Mali Steiro Tronsmoen (Foto: Pressebilde)

Igår langa statsvitskap-professor Bernt Hagvteit ut mot det han kaller elendig engelsk blant norske politikarar som Jens Stoltenberg og Erik Solheim.

Korleis Trondsmoen sjølv takla Solheim-testen, høyrer du her:

Mali Steiro Trondsmoen tar Solheim-testen

Leiar i Framstegspartiets Ungdom, Ove Vanebo, ser derimot ingenting sjarmerande i stotrande engelsk frå norske regjeringsmedlemmer.

Ove Vanebo, Fpu

- Alle som treng det bør straks få intensivkurs, seier Vanebo, som dessutan meiner ein bør kunna venta betre språkkunnskapar frå erfarne folk som Solheim og Stoltenberg.

Slår Fpu-leiaren knock-out på Solheim sin engelske uttale? Døm sjølv her:

Ove Vanebo tar Solheim-testen

Les også: - 'Norwenglish' er bra for Noreg

Les også: Flau over politikernes engelsk

Siste innenriks

Siste utenriks