- "Norwenglish" bra for Noreg

- Det er bra at nordmenn ikkje blir tatt for å vera amerikanarar eller britar i internasjonal politikk, seier leiar i Sosialistisk Ungdom, Mali Steiro Tronsmoen.
Publisert 25.06.2008 16:41.
- Skriv ut
I går langa professor Bernt Hagtvedt ut mot norske politikarar sin engelsk.
Les også: Flau over politikernes engelsk
Les også: - Engelsk er kjempevanskelig
Høyr ungdomspolitikarane ta NRK sin engelsk-test her.
Men Tronsmoen meiner særpreg berre er fint.
- Eg trur ikkje det er så ille som Hagtvedt skal ha det til. Erik Solheim er veldig god i engelsk, men ein kan utan tvil høyra at han er norsk. Det trur eg er like greit, fordi eg ønsker at Noreg skal ha ei sjølvstendig røyst internasjonalt, seier Mali Steiro Tronsmoen.
Fnyser av språkkritikk
Tronsmoen er nyleg utdanna lærar, og fnyser av Hagtvedt sin påstand om at engelskundervisninga på skulen straks bør styrkast for å sikra betre framtidige politikarar.
- Norske elevar er veldig flinke i engelsk, og generelt snakkar nordmenn vel så bra som folk i mange andre europeiske land, seier SU-leiaren.
Krev intensivkurs
Leiar i Fremskrittspartiets Ungdom, Ove Vanebo, er langt frå einig i at tilstanden er god nok. Han meiner alle med viktige politiske posisjonar straks bør få tilbod om engelskkurs.

- Dette er så alvorleg at noko må gjerast. Dei bør få tilbod om intensiv-kurs, alle saman, seier Vanebo.
Fpu-leiaren meiner likevel at ein bør kunna forventa meir frå folk som Stoltenberg eller Solheim, som begge har vore i norsk politkk lenge.
- Sjølv om eg meiner dei bør kursast, må kvar og ein ta ansvar for å betra uttalen sjølv. Dette heldt ikkje mål, meiner Fpu-leiaren.
Hør: Torbjørn Berntsen
Hør: Helen Bjørnøy
Hør: Musikkmontasje med Bondevik fra Ukeslutt i 1999
Hør: Kjell Magne Bondevik
Hør: Kåre Willoch
Hør: Erik Solheim om 'sutring'
Hør: Jens Stoltenberg


– Munch-siktet jobbet på Stortinget
USA kjenner pusten i nakken





