Hopp til innhold

Nordmenn dater minst

Skandinavar inviterar sjeldan ut på stevnemøte, medan italienarane har dobbelt så mange romantiske møter.

Forelsket
Foto: Scanpix

Det viser ei undersøking, som kontaktsida Parship.dk har gjennomført i Norge, Sverige og Danmark.

Under gjennomsnittet

- Me skandinavar er generelt sett sløve til å invitera ut på romantiske møter, seier Christer Carlberg, nordisk sjef på Parship.

- Single i Norge, Danmark og Sverige ligg heilt klart under gjennomsnittet, når det gjeld tal på stevnemøte ein har hatt i løpet av eit år, seier han og legg til at italienarane kan skryta av å ha dobbelt så mange.

Vil på piknik

Fleirtalet av dei single som blei spurte, tykkjer at piknik er den beste daten i sommarhalvåret. 31 prosent av kvinnene og 28 prosent av mennene fyller korga med god mat og tek med eit ekstra teppe,
dersom det skulle bli kaldt.

På andre plass, med 25 prosent, har kvinnene svart at dei føretrekk ein spasertur i byen med eit besøk på ein hyggjeleg utandørs kafé. På andreplassen til mennene, med 21 prosent, kjem aktivitetar som dei sjølv likar som til dømes segling eller ein runde med golf.

Unngår kinoen

Det er ikkje mange single som tørr å planleggja ein aktivitet på daten, som dei aldri har prøvd tidlegare. Og berre fire prosent av mennene meiner ein mørk kino passar til eit godt stevnemøte. Dei får støtte av to prosent av kvinnene.

I følgje Christer Carlberg er det berre å komma i gong med stevnemøta, for dei kan føra til eit meir stabilt romantisk parforhold.

- Me kan håpa på at sola, ikkje berre gir meir romantikk i lufta, men at den òg kan gjera oss skandinavar litt meir modige, seier Carlberg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ