Er skap og skuffer fulle?

Veit du ikkje kva du skal svara når nokon spør kva du ynskjer deg til bursdagen? Prøv ei alternativ gåve!
Publisert 21.05.2008 06:23.
- Skriv ut
Stadig fleire ynskjer eit alternativ til gåver i samband med merkedagar, jul og andre feiringar. No kan du gjera ein skilnad ved å oppretta di eiga innsamling på www.mininnsamling.no.
Ei annleis gåve
Kven som helst kan starta sin eigen innsamlingsaksjon på nettet til inntek for ei sak dei brenn for.
- Det er så enkelt og billig at du rett og slett ikkje har råd til å seia nei, seier Jan Olav Ryfetten, dagleg leiar i stiftinga Soria Moria.
Han legg til at det er ei sikker løysing der det er ikkje mogleg å bli svindla sidan pengane går rett ifrå givar til formål.
- Tek over for bøsseberinga
25 hjelpeorganisasjonar har til no signert avtale med Soria Moria stiftinga som er intiativtakaren bak "min innsamling".
- Me vil gjera folk merksame på at tilbodet finst og få dei til å bruka det, seier Ryfetten.
Han reknar med at 50 -100 organisasjonar kjem til å melda interessa si innan året er ommet og meiner det er ei satsing som på sikt vil ta over for den tradisjonelle bøsseberinga.
LES ÒG: Fritt fram for falske bøsseberarar
Dei ulike organisasjonane som støttar www.mininnsamling.no betalar 7000 kvar i året for på bruka løysinga.

Gutter og jenter møtes hver for seg
Russlands økonomiske hodepine
