Hopp til innhold

Gigant-sjukehus i hovedstaden

Full samanslåing av Rikshospitalet og Ullevål til et gigant-sjukehus. Det er eitt av forslaga frå Helse Sør-Aust på korleis sjukehusa i hovedstaden skal organiserast i framtida.

Ullevål sykehus
Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

Går forslaget gjennom, blir Ullevål sjukehus lagt ned og funksjonene flyttes til Rikshospitalet.

Framtida

Rikshospitalet er eit stort, spesialisert sjukehus i dag, i framtida kan det bli ein gigant. For i kveld offentleggjorde Helse Sør-Aust korleis dei ser for seg sjukehus-strukturen i hovudstaden i framtida.

I eit av forslaga blir Ullevål universitetssjukehus sine funksjonar i praksis flytta til Rikshospitalet. Det nye sjukehuset skal ifølge rapporten bli eitt region- og områdesjukehus.

Det mister lokalsjukehusoppgåver og blir meir spesialisert. Ein slik modell vil også kreve omfattande utbygging eller nybygg.

NETT-TV: Omstridt forslag frå helseforetaket

Blir avgjort til hausten

Bygningsmassen på Ullevål er langt eldre enn Rikshospitalet som er flunkande nytt.

Les: Sykehotell i boks

Dersom forslaget går gjennom, må tilsette ved Ullevål ein del år fram i tid førebu seg på å flytte.

No skal fleire ulike modellar vurderast, etter planen blir det avgjort i løpet av hausten.

AKTUELT NÅ