Hopp til innhold

Grasrota vil ha Sp ut av regjering

Fleire lokale tillitsvalte i Senterpartiet meiner dei må ut av regjeringa dersom partiet ikkje får gjennomslag for krava om meir pengar til bøndene og til kommunane.

Ivar Odnes

Ivar Odnes frå Oppland Senterparti er ein av dei som meiner Senterpartiet må ut av regjeringa, dersom dei ikkje får gjennomslag for krava sine.

Foto: Torvild Sveen / NRK

- Dette er ei av Senterpartiet sine kjernesaker og for regjeringa betyr distriktspolitikk såpass mykje at me må vurdere framtidig deltaking dersom me ikkje får gjennomslag i denne saka, seier leiar i Oppland Senterparti, Ivar Odnes.

Odnes er ein av dei fleire lokale tillitsvalte NRK har snakka med, som meiner Senterpartiet må ut av regjeringa, dersom partiet ikkje får gjennomslag for krava om meir pengar til bøndene og kommunane.

- Må ut av regjeringa

Også Senterpartiordførar i Eidsberg kommune i Østfold, Knut Herland sier kommuneøkonomien og jordbruksoppgjeret er svært viktig for senterpartifolk over heile landet.

Herland meiner det kan stå om regjeringa sitt liv dersom ikkje Senterpartiet vinn fram:

- Eg trur ikkje Senterpartiet har noko val. Dersom dei skal klara og innfri dei løfta som er inngått gjennom Soria Moria må det leverast her og no!

Situasjonen er alvorleg

I regjeringa føregår det ein intens dragkamp både om jordbruksoppgjeret og kommuneøkonomien. I begge tilfelle slåss Senterpartiet for kjernesakene sine og for truverdet ovanfor veljarane.

I går ettermiddag blei saka drøfta i Senterpartiet si stortingsgruppe og parlileiar Åslaug Haga medgir at situasjonen er vanskeleg.

- Eg vil seia det er ein alvorleg situasjon i partiet. Men me er opptekne av å finna løysingar og det skal me gjera.

Hard debatt

Orførar for Senterpartiet i Eidsvoll i Akershus, Terje Tesslo, meiner smertegrensa for partiet nærmar seg.

- Det er heilt klart at me må diskutera korvidt me skal halda fram i regjering eller ikkje. Går me ut mistar me påverknad, men ein stad må me setja smertegrensa.

Tesslo meiner det vil bli ein hard debatt.

Regjeringskollega Torstein Rudihagen i Arbeiderpartiet meiner at Senterpartiet no må ta ansvar.

Les også: -Senterpartiet driv med taktikkeri

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger