21.11.2009
Forsvarer norsk skule:

- PISA-testane er eit bedrag

Nils Christie (Foto: Cornelius Poppe/Scanpix)

På 70- og 80-talet refsa professor Nils Christie norsk skule. No står han opp og forsvarer skulen mot dumpestempelet. - Det er PISA som dumpar, ikkje norsk skule, seier han.

Med boka "Hvis skolen ikke fantes" sette kriminologen og sosiologen Christie fyr på norsk skuledebatt i 1971. Han kritiserte skulen for å vere ein stad for oppbevaring av unge.

I år ville den 80 år gamle aktive samfunnsdebattanten finne ut kva som er feil i norsk skule. Han tok difor til med å granske dei internasjonale PISA-testane som kartlegg 15-åringar sine kunnskapar i lesing, matematikk og naturfag.

Forferda

Norske elevar har nemleg gjort det dårleg på PISA-testane, og resultata som kom hausten 2007 skapte verkeleg krisestemning.

«Eg gjekk til PISA med eit reint sinn. Eg trudde at PISA var ein ålreit studie, men eg er forferda over det eg finn.»

Nils Christie om PISA-testane

- Det er PISA som dumpar. Eller rettare sagt: Dei dumpar på oss eit mål som ikkje skulle vere eit mål for norsk skule. Når dei skal samanlikne prestasjonar i 50 land og få fram noko som skular i heile verda vil lære til folk, så må dei jo sjå bort frå dei nasjonale særtrekka og alt det vi vil med skulen vår. Det er eit gigantisk problem, seier Christie.

- Norsk skule er heilt sentral i utviklinga av samfunnet, måten vi tenker på og kva verdiar vi vil formidle. Det kan vi jo ikkje la OECD bestemme viss vi vil vere eit sjølvstendig land.

Demokratisk problem

Professor i naturfagdidaktikk, Svein Sjøberg, er ein av dei få som gjennom lengre tid har kritisert bruken av PISA-testane. Han er glad for at Christie melder seg på i debatten.

Illustrasjonsfoto: Scanpix (Foto: Scanpix /Scanpix)

- PISA styrer skulen både direkte og indirekte. Testen styrer media, samfunnet, elevane, lærarane og foreldra si oppfatning av tilstanden i skulen, seier Sjøberg.

- Det norske demokratiet har ei rekke ulike prosessar for å definere mål og meining med den norske skulen. Så blir alt feia til side av nokre internasjonale testar og det er plutseleg andre målestokkar som skal gjelde for norsk skule enn dei vi har blitt samde om.

Sjøberg fryktar at sentrale verdiar som solidaritet, empati, skaparevne og samarbeidsevne vil lide dersom skulen blir meir oppteken av å drille elevane i kunnskap som fører til at Noreg gjer det betre på dei internasjonale testane.

PISA

  • Står for Programme for International Student Assessment
  • Internasjonalt program i regi av OECD som måler 15-åringer sin kompetanse i lesing, matematikk og naturfag.
  • Ca 400.000 elever i 57 land deltar.
  • Testene blir gjort hvert tredje år.
  • I PISA 2006 presterte norske elever under OECD-gjennomsnittet i både matematikk og lesing for første gang. Også i naturfag gjorde Noreg det dårligere enn sist.

PISA

(NRK)

Siste innenriks

Siste utenriks

Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK