Hopp til innhold

NAV overser omsorgsarbeidarar

Arbeids- og velferdsetaten meiner ein må rekne med akutte ryggskadar i omsorgsyrke, og nektar å gje yrkesskadeerstaning.

Ruth Dahl Hæger

Hjelpepeliar Ruth Dahl Hæger får ikkje erstatning etter å ha skada seg på arbeid.

Foto: Jørn Tveter / NRK

Hjelpepleiar Ruth Dahl Hæger søkte yrkesskadeerstatning etter at eit løft som førte til ein ryggskade.

Var sunn og frisk

Ho vart ståande i nesten ein time og hjelpe ein pasient som hadde store smerter.

- Eg var sunn og frisk den dagen eg gjekk på jobb, men etter løftet har eg ikkje kunne leve som eg har gjort før. Eg går med smerter kvar dag og må planlegge dagen min nøye, seier Hæger til NRK.

NAV avslo søknaden hennar om yrkesskadeerstatning. Dei meiner at hjelpepleiarar må rekne med slike belastningar.

- Det ville vore rettferdig at eg fekk ein yrkesskadeerstatning sidan skaden skjedde der og då, meiner Hæger.

Nett-TV: Sliter med å få yrkesskadeerstatning

- Lettare å vere mann

NAV meiner at omsorgarbeidarar må rekne med ryggskadar etter frå tunge løft på menneske. Leiar i Ryggforeningen, Per Reidar Starås, hevdar ein får yrkesskadeerstatning lettare dersom ein løftar materiale i mannsdominerte yrke.

- Så lenge du har gått i eit omsorgsyrke blir Hæger sitt tilfelle rekna som ein belastningsskade. Det hadde vore mykje lettare å få godkjent det som ein yrkesskade dersom ein er mann og industriarbeidar, seier han.

NAV stadfestar at yrke spelar ei viktig rolle når det gjeld yrkesskadeerstatning.

- Vi gjer vurderingar i forhold til yrke. Spørsmålet vi stiller er om hendinga som har oppstått er innanfor det ein kan rekne som normalt eller unormalt for det aktuelle yrket, seier kommunikasjonsdirektør i NAV, Martin Apenes.

- Galskap

Jan Henrik Fredriksen (Frp) i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget synes det er galskap at systemet fungerar slik som det gjer.

- Det er ikkje rettferdig at omsorgsarbeidarar med slitasjeskadar skal ha ei framtid der dei får uførepensjon, som per i dag er på under 120.000 kroner i året, seier han.

Ruth ventar på svar på ankesaka. Om ho får avslag må ho greie seg med to trededelar av lønna ho hadde før.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger