Hopp til innhold

Trugar med aksjonar

Fiskarar og miljøvernar kan kome til å aksjonere mot oljebransjen på grunn av den planlagde seismikkskytinga i Lofoten og Vesterålen.

Illustrasjonsfoto: Seismikkfartøy

Illustrasjonsfoto: Seismikkfartøy.

Foto: Illustrasjonsfoto. / NRK

- At det kan renne over for einkvan etter dette her, det trur eg det kan gjere for dei mest sindige.

Nils Myklebust er kraftig provosert og lei. Som formann i Sogn og Fjordane fiskarlag irriterer han seg over at fiskarane heile tida kjem i andre rekkje.

- Dette er fødestova til torsken. Det er det mest sårbare. Kvifor skal ein leite etter olje akkurat her? seier Myklebust.

Skyt midt i gyteområdet

Både fiskarar og miljøvernarar reagerer på Oljedirektoratet si oljeleiting. 15 mai i år set direktoratet i gong med den planlagde seismikkskytinga i Lofoten og Vesterålen.

Seismikk er ein geofysisk måte å undersøkje havbotnen på. Ved hjelp av trykkbølgjer som skal ”skytast ut”, kan ein få gode nok signal om det er olje under havbotnen.

Nils Myklebust

Nils Myklebust.

Foto: NRK

- At regjeringa spelar poker med fiskeristammene, set dei i eit forferdeleg dårleg miljølys. Det er ingen ting som hastar med olja, om den er der. Ho kan framleis ligge der, hevdar Myklebust.

Fiskeri og Havbruknæringa si landsforeining (FHL) reagerer og kraftig på direktoratet. Under landsmøte førre veke vedtok FHL eit forbod mot oljeleiting i områder som enno ikkje er opna for oljeindustrien. Området utanfor Lofoten og Vesterålen er ikkje opna, men i forvaltningsplanen for nordområda blir det opna opp for leiting.

Miljødirektør Aina Valland i FHL, hevdar likevel det vert feil å leite nettopp her.

- Det blir produsert 26 millionar måltid fisk kvar dag. Midt i dette områder som seismikkskipa no kjem, gyt skreien. Når seismikk vert brukt i eit slik område, skremmer ein vekk fisken. Vi gamblar med viktig mat for svært mange, seier Valland.

- Men det er altså lov å skyte her, i følgje forvaltningsplanen?

- Vi stiller oss svært undrande til dette. Når det påverkar fiskeverksemda så sterkt, kvifor skal ein då drive verksemd som skadar fiskerinæringa slik, spør Valland?

Kan kome til å aksjonere

I fjor sommar braka fiskarane og oljebransjen saman fleire gonger på havet. Blant anna hindra fiskebåtar seismikksfarty i å utføre sine oppdrag.

Fiskarlaget utelukkar ikkje slikt også i vår og sommar, seier Nils Myklebust.

- Eg håper det ikkje skjer, det er ikkje slik det skal vere. Det kjem uansett heilt an på korleis styresmaktene grip inn når det er fiskeriverksemd i eit område og seismikkbåtane kjem dit, seier han.

Bellona melde i fjor Oljedirektoratet for brot på forureiningslova. Dei hevdar seismikk er forureining. Christine M. Karlsen seier at dei og vil setje fokus på dette.

- Vi vil ikkje utelukke aksjonar som kan hindre seismikkverksemd. Hovudpoenget er uansett å få fokus på kor skadeleg dette er for fisken, hevdar Bellona.

Fiskarane taper kampen

Seinast førre veke presenterte Havforskningsinstituttet undersøkingar som syner at fisket vert påverka av seismikk.

Les: Seismikk ødelegger fisket

Miljødirektør i FHL, Aina Valland hevdar at fiskeribransjen taper kampen mot oljebransjen.

- Det er til tider slik det kjennest, ja. Slik bør det ikkje vere. Vi har svært mykje å seie for Noreg, difor har vi og gjort dette om forbod mot seismikk i fleire områder.

- Eg skulle likt å sjå den politikaren som vågar å seie eit klart nei, dersom dei finn olje i Lofoten eller Vesterålen. Den politikaren vil eg sjå bilete av, han eller ho finst ikkje, hevdar fiskarlagsformann Nils Myklebust i Sogn og Fjordane.

Kart over seismikkskyting
Foto: Oljedirektoratet

AKTUELT NÅ