Hopp til innhold

Kan lagre CO2 på Svalbard

Alt tyder på at det blir mogeleg å lagre klimagassen CO2 under permafrosten på Svalbard. Det er konklusjonene etter at dei første prøveboringane er analyserte.

Kraftverk i Barentsburg
Foto: Arild D. Moe / NRK

I september i fjor starta arbeidet med å undersøkje grunnen under Longyearbyen for å finne ut om det er mogeleg å deponere CO2 i sandstein under permafrosten.

No er prøvene frå dei to første borehola analyserte, og dei første resultata klare. Forskarane er optimistiske.

Nett-TV: Longyearbyen vil bli CO2-fri

- Vi har funne den typen sandstein som vi er ute etter. Vi har god tru på at dette skal kunne bli eit deponi. Går alt etter planen, kan vi begynne å sende CO2 ned i bakken i 2009, seier geologiprofessor Alvar Braathen ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).

Viktig forsking

Svein Eggen Gassnova

Svein Eggen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Gassnova er ansvarleg for Staten si satsing på CO2-handtering. Dei støttar prosjektet på Svalbard, og følgjer det med stor interesse.

- Dette vil gjere det mogeleg å forbetre den teknologien som allereie er utvikla for CO2-lagring, og å utvikle heilt nye metodar, seier teknologidirektør Svein Eggen i Gassnova.

- Vi ser for oss at det etter kvart blir etablert eit forskingslaboratorium for CO2-handtering på Svalbard. Her vil både forskarar og selskap kunne prøve ut ulike metodar baserte på ein testinjeksjon av CO2.

Same type bergart som i Nordsjøen

Norske selskap har allereie erfaring med å lagre CO2 under Nordsjøen. Men teknologien for CO2-handtering frå kraftverk er relativt ny, seier Svein Eggen.

– Det er nødvendig med omfattande forsking og utvikling for å gjere desse metodane sikrare og tryggare. Prosjektet på Svalbard vil bidra til denne teknologiutviklinga, seier han.

- Bergartane på Svalbard er av same type som dei vi finn på sokkelen. Desse bergartane er langt meir tilgjengelege for forskarane på Svalbard enn ute i Nordsjøen. Så her får ein mykje informasjon for pengane, seier Eggen.

Rett etter påske startar førebuingane til å lage eit tredje borehol. Går alt etter planen, blir det altså slutt på CO2-utsleppa frå kolkraftverket i Longyearbyen – men dette ligg nok eit stykke fram i tid.

På veg mot det målet, kan altså CO2-en gjere god nytte for forskarane.

Les også: CO2-lagring på Svalbard

Les også: Longyearbyen vil bli CO2-fri

AKTUELT NÅ