Hopp til innhold

Kanonmåling for Venstre

Venstreleiar Lars Sponheim må klype seg i armen når han ser på partibarometeret for januar.

Lars Sponheim
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Venstre gjer eit kraftig byks på meiningsmålinga som Norstat har gjennomførd. Partiet får ei oppslutning på 9,5 prosent.

Beste nokon sinne

Dette er heile 3,2 prosent betre enn meiningsmålinga som er gjort i desember. Venstreleiar Lars Sponheim har god grunn til å glise breidt.

- Eg må klype meg litt i armen. Det har vore mange dagar med dårlege tal, så eg gledar meg over dette. Det er det beste resultatet eg har opplevd som aktiv venstrepolitikar, fortel han.

Partileiaren meiner Venstre er inne i ein langvarig positiv trend. I tillegg trur han sakene som har stått på dagsorden den siste tida har gjort partiet godt.

- Typiske venstresaker som skule og klima har vore mykje omtala i det siste. Det trur eg vi vinn mykje på etter 30 år med solid innsats, meiner Sponheim.

Sentrum i vekst

KrF har også ei god utvikling. Partiet går opp 1,6 prosent og får ei oppslutning på 7,1 prosent.

- Dersom valresultat skulle bli slik, vert det uråd å tenkje seg ei regjering i Noreg utan å måtte rekne med Venstre og sentrum, seier Sponheim.

Ein tidlegare regjeringspartnar av Venstre slit. Høgre har mista ein god porsjon veljarar sidan desember og går tilbake med 2,5 prosent.

- Min jobb er å gjere Venstre så stort som mogleg, i neste omgang håpar eg venene i nærleiken gjer det bra. Slik kan vi få ei borgarleg regjering med god kvalitet, meiner Sponheim.

Tøft i regjering

Regjeringspartia får merke at populariteten dalar. Arbeidarpartiet går tilbake med 4,1 prosent. Partiet har ikkje gjort det så dårleg sidan februar 2007.

Senterpartiet går tilbake med 0,7 prosent. SV held seg stabilt på rundt 7 prosent, trass i fleire heite debattar, mellom anna om krigføringa i Afghanistan.

Eit hakk til venstre på partiskalaen er RV i støtet. Partiet går fram 1,9 prosent. For FrP er det små endringar sidan målinga i desember.

Partibarometer for januar 2008
Foto: NRK

AKTUELT NÅ