Åtvarar mot å gjere lærarutdanninga lengre

- Vi kjem til å tape fleire talent dersom lærarutdanninga vert utvida til fem år. Det meiner Anniken Huitfeldt (Ap).
Publisert 16.01.2008 06:19.
- Skriv ut
Kunnskapsdepartementet vurderer å gjere lærarutdanninga femårig.
Det er ein dårleg ide, meiner Anniken Huitfeldt, som er nestleiar i Utdanningskomiteen på Stortinget.
- Eg er ingen tilhengjar av at vi skal stille krav om at alle må ha gått fem år på lærarutdanning for å få sleppe inn i den norske grunnskulen, seier ho.
- Bør diskutere innhald
For to år sidan kom ein rapport som langt på veg slakta den fireårige norske allmennlærarutdanninga. I ettertid har Utdanningsforbundet, Venstre, Framstegspartiet og fleire andre teke til orde for å utvide utdanninga til fem år. Huitfeldt tvilar på om det er så lurt.
- Eg meiner vi fyrst og fremst må diskutere innhaldet i lærarutdanninga, for dette har synt seg å ikkje vere så bra som det burde vere. Eg er redd for at ein diskusjon om struktur ikkje fører til ein diskusjon om innhald, og at vi berre legg til eitt ekstra år i staden for å gå kritisk gjennom kva lærarstudentane lærer på utdanninga.
- Kan miste talent
Forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland har stadfesta at Kunnskapsdepartementet no vurderer å utvide lærarutdanninga med eitt år.
- Det er ulike vurderingar av dette, men vi har jo tidlegare utvida lærarutdanninga frå tre til fire år utan å kunne seie at det har gjeve betre effekt, kommenterer Huitfeldt.
Ho trur Skule-Noreg i verste fall kan kome til å miste lærartalent dersom utdanninga vert utvida.
- No har vi sett ein stor generasjon ta vidareutdanning for å verte førskulelærarar. Dei fyller i dag opp barnehagane. For framtida må vi ha same ambisjonar når det gjeld å rekruttere fleire lærarar. Vi treng fleire vaksne som ønskjer å ta utdanning, og dersom det vert stilt krav til at alle må ha fem på på skulen for å sleppe inn i eit klasserom, så er eg redd det fører til at vi mistar mange talent.
(NRK)Kvalitet i skolen
- Tror ikke på elendige skoletester
- Nytenking om sidemål i skulen
- Åtvarar mot lengre lærarutdanning
- Får meir pengar til norskopplæring
- Flere assistenter i skolen
- Mangler kvalifiserte lærere
- Innvandrar-elevane taper i skulen
- PISA-leiar fryktar taparskular
- Vil ha femårig lærerutdanning
- Slakter norske skoler
- 25.000 elever føler seg mobbet

Stabilt for elever etter bilulykke
- Vi vil aldri anerkjenne Israel
