Hopp til innhold

Serverer mat med skitne nevar

Nesten 500 serveringsstader maglar rutinar for hygiene og reinhald. Mattilsynet meiner resultata er overraskande og urovekkjande.

Bacalao
Foto: NRK

Mattilsynet gjennomførte tilsyn ved 1039 serveringsstader i heile landet i november og desember 2007. Tilsynet fann kritikkverdige tilhøve ved 47 prosent av verksemdene.

Dei fleste av manglane er knyta til personleg hygiene, orden og reinhald.

 - Det er urovekkjande at det enkelte stader ikkje eksisterar interne rutinar for reinhald i det heile tatt, seier Atle Wold som er sjef i seksjon for omsetjing til forbrukar.

Vaskar ikkje hendene

Observasjonane til Mattilsynet viser at folk er generelt dårlege til å bruke såpevatn og tørkehandklede etter å vore på do.

- Mangel på handvask går igjen mange stader. Folk går rett frå toalettet til matlaging utan å vaske seg. Det er slettes ikkje bra, seier Wold.

Kritikkverdig oppbevaring av kjølevarer går også igjen blant ei rekkje av verksemdene.

- Fleire serveringsstader er dårleg til å sikre seg mot høg temperatur der det skal vere kaldt, fortel Wold.

Overraska

Mattilsynet er overraska over at så mange verksemder slurvar.

- Kampanjen var omtalt på førehand både til bransjeorganisasjonane og i media. I tillegg vart det gjennomført ein stor aksjon mot serveringsstader i 2006. Derfor er det overraskande og urovekkjande at så mange ikkje tek tryggleiken rundt matlaging på alvor, seier rådgjevar Ellen Christine Sjølie i Mattilsynet.

Verst står det til i Nordland. Mattilsynet fann avvik ved 67 prosent av dei 73 kontrollerte verksemdene. Rogaland, Agder, Buskerud, Telemark og Vestfold kjem best ut. Her fann Mattilsynet avvik ved 34 prosent av serveringsstadene.

AKTUELT NÅ