Får meir pengar til norskopplæring

Innvandrarar i mindre kommunar får dårlegare opplæring i norsk enn dei som bur i storbyane. No snur departementet og endrar finansieringsordninga.
Publisert 12.01.2008 08:11.
- Skriv ut
I 2005 gav introduksjonslova innvandrarar rett og plikt til norskopplæring.
No syner evalueringa av innvandrarar i mindre kommunar kjem dårlegare ut enn tidlegare.
- Særleg mindre kommunar har eit problem med at dei ikkje får dekt utgiftene sine til norskopplæring med den nye tilskotsordninga, seier Mari Opsahl.
Ho arbeider i Rambøll Management som har evaluert norskopplæringa for vaksne innvandrarar.
Rett og plikt
Rett og plikt-ordninga frå 2005 påla kommunane å gje flyktningar norskopplæring, samstundes påla ho påla innvandraren å læra seg norsk.
Men endringa fekk òg økonomiske fylgjer. For med den gamle ordninga fekk kommunane støtte til norsk og samfunnsfag ut i frå kor mykje undervising dei gav, no får dei støtte ut ifrå kor mange personar som får opplæring. Ei endring som har fått alvorlege fylgjer i små kommunar.
Alvorlege fylgjer
I juni i fjor fortalde Ole Magnar Stein ved norsksenteret i Førde at dei måtta redusera undervisingtilbodet siste året.

Same dagen melde interesseorganisasjonen til kommunane, KS, at fleire mindre kommunar kom til å leggja ned norskundervisinga. Årsaka var at dei kom mykje dårlegare ut økonomisk etter Rett og plikt-ordninga.
Og fylgjene har vore dramatiske for dei det gjeld. For fleire stader har kommunane vore nøydde til å slå saman klassar, dei har mindre pengar til å tilsetja lærarar, undervisninga vert den same for alle, uansett kva dei kan frå før og fleire stader er timetalet redusert.
Evalueringa stør småkommunane
No stadfester evalueringa det kommunane har sagt, nemleg at den nye ordninga jamt over har gjeve dårlegare norskopplæring.
Rådet til departementet er å utjamna skilandene mellom store og små kommunar, slik at også dei små kan gje god norskopplæring til alle.
Mellom anna ber Rambøll Management regjeringa om å leggja inn eit grunntilskot til dei kommunane som har under eit visst tal deltakarar, slik at dei skal greia å oppretthalda eit tilbod.
Ministeren har snudd
Arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hansen har snudd i saka.

- For det fyrste har me styrkt budsjettet for 2008 med omlag 100 millionar, og så skal me bruka 2008 til å i samarbeid med kommune laga det nye tilskotssystemet som me skal iverkstja i 2009.
(NRK)Kvalitet i skolen
- Tror ikke på elendige skoletester
- Nytenking om sidemål i skulen
- Åtvarar mot lengre lærarutdanning
- Får meir pengar til norskopplæring
- Flere assistenter i skolen
- Mangler kvalifiserte lærere
- Innvandrar-elevane taper i skulen
- PISA-leiar fryktar taparskular
- Vil ha femårig lærerutdanning
- Slakter norske skoler
- 25.000 elever føler seg mobbet

Stabilt for elever etter bilulykke
- Vi vil aldri anerkjenne Israel
