Hopp til innhold

Tusen i kø for elbil

Smør deg med tolmod dersom du vil sikre deg elbil. Etterspørselen er stor, men forhandlarane får ikkje tak i bilar.

Elbil.
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Norske bilsejarar slit med med å skaffe elbilar etter at Citroën, Peugeot og Renault har stoppa elbilproduksjonen. Til saman står over tusen kjøparar på venteliste.

- Enorm etterspurnad

Enviro Elbilsalg i Drammen har mellom 150 og 200 kjøparar som ventar på elbil. Ventetida varierar frå 1 til 3 månader avhengig av bilmodell.

Forhandlar Sigmund Eriksen kunne seld langt fleire elbilar. Etter at produksjonen i Frankrike vart stoppa, får han berre fatt i brukte modellar.

- Det er enorm etterspørsel. Flaskehalsen er å få klargjort nok bilar. Det vil ta lang tid før produksjonen blir høg nok til å tilfredstille marknaden, seier Eriksen.

Lange ventelister

Think satsar frisk på elbilproduksjon i Aurskog. I mars rullar dei fyrste Think-bilane ut på vegen, men ventetida er svært lang. 500 kjøparar har signert kontraktar.

- Vi har merka stor interesse for bilane. Bestiller du no, kan du få bilen levert i slutten av 2008, seier salssjef Sjur Heglund.

Miljøbil Grenland har ikkje bilar til sals for tida. Bedrifta er i ein omstillingsfase etter at dei franske elbilane gjekk ut av produksjon.

- Vi planlegg å produsere eigne bilar. Dei fyrste skal vere klar før jul, seier dagleg leiar Bjørn Nenseth.

Miljøbilane frå Grenland vekker interesse. Om lag 500 personar har skrive seg på venteliste.

Raskaste løysing

Elbil Norge har kortast leveringstid med fire til fem veker. Sidan 2005 har bedrifta satsa på bilen “Buddy”, som blir produsert på Økern i Oslo. Bilen er eit reint bykøyretøy som går 40 til 80 kilometer på fulladd batteri.

- Vi opplever at folk som står på venteliste hos andre leverandørar, kjem til oss for å få tak i bil, fortel dagleg leiar Hans Håvard Kvisle.

Elbil Norge produserar 200 bilar i året. Fabrikken kan derfor ikkje løyse den store etterspørselen åleine.

Marginal del av bilparken

Tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken viser at det i 2007 vart seld 129 195 nye personbilar. Det er det høgste talet på over 20 år. Ikkje sidan 1986 vart det registrert så mange nye personbilar som i fjor.

Elbilar utgjer ein svært liten del av den norske bilparken. Think og Miljøbil Grenland vil til saman levere om lag 6500 bilar i året når produksjonen er kome i gang for fullt.

AKTUELT NÅ