Hopp til innhold

CO2-rekord over Svalbard

Det er meir CO2 i lufta over Svalbard enn nokon gong tidlegare, ifølgje ferske målingar frå Zeppelin-stasjonen i Ny-Ålesund. Og CO2-nivået aukar raskare enn før.

CO2-konsentrasjon over Svalbard
Foto: Grafikk: / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Kim Holmén

Forskingsdirektør Kim Holmén ved Norsk Polarinstitutt seier auken i CO2-nivået er dramatisk.

Foto: NRK

På Norsk Polarinstitutt sin forskingsstasjon på Zeppelin-fjellet, 474 meter over havet, blir det fortløpande samla inn data som viser mengda av klimagassar i atmosfæren.

Arbeidet på stasjonen skjer i tett samarbeid med Norsk institutt for luftforskning og Stockholms universitetet. Stasjonen er den einaste i sitt slag her i landet.

- No i desember er vi komne opp i 390 ppm, og så høg konsentrasjon av CO2 er aldri blitt målt før her på stasjonen, seier forskingsdirektør Kim Holmén ved Norsk Polarinstitutt.

NETT-TV: Rekordhøge CO2-målinger

Mykje større enn venta

Ppm er ei måleeining som viser milliondelar per volum-eining. For 20 år sidan låg CO2-nivået på 360 ppm på det høgste. Auken er altså på omlagt åtte prosent.

I førindustriell tid var nivået rundt 290 ppm. CO2-konsentrasjonen har dermed auka med vel ein tredel frå den gongen. 390 ppm tilsvarar ein CO2-konsentrasjon på 0,039 volumprosent. 

- CO2-utsleppa i verda aukar raskt, og her på Zeppelin-fjellet ser vi altså effekten utsleppa har for atmosfæren. Auken i CO2-konsentrasjon er mykje større enn vi har venta, seier Holmén. 

- Kor alvorleg er dette? 

- Det er veldig dramatisk, for det viser at vi kanskje undervurderer kor store forandringar menneska kjem til å forårsake dei næraste tiåra, seier Holmén.

Auken tydeleg

Målingane på Zeppelin-stasjonen viser at det også blir meir av andre klimagassar i atmosfæren - men det er CO2-mengda som aukar mest.

Konsentrasjonen av CO2 varierer gjennom året - minst om sommaren, mest om vinteren. Men auken er tydeleg - og den går raskare enn før, ifølgje målingane, som blir utførte av Stockholms universitet. 

Det er vanskeleg å vite nøyaktig kvar CO2-en som blir målt her kjem frå, men utsleppa er som kjent store både i USA, Nord-Europa, Russland og Asia, mellom anna frå biltrafikken, olje- og gassproduksjon og frå kolkraftverka. 

- Dei store endringane vi har sett i klimaet dei siste åra viser kor viktig det er å følgje nøye med. Det er viktig å styrkje forskninga på dette feltet framover, seier Kim Holmén.

AKTUELT NÅ