Innvandrar-elevane taper i skulen

Norsk skule klarer ikkje å få minoritets-elevane opp på same nivå som andre elevar. Internasjonale skuletestar viser at norske innvandrar-barn ligg alarmerande langt bak.
Publisert 17.12.2007 06:09.
- Skriv ut
- Forskjellen i prestasjonar mellom norske elevar med norske foreldre og elevar med to utanlandsk-fødde foreldre tilsvarer to skuleår, forklarer forskar Astrid Roe til NRK.
Ho er ein av forfattarane bak den norske rapporten om PISA-testane, der elevar i 57 land har blitt testa.
Den internasjonale undersøkinga viser at Noreg er av dei landa der det er størst ulempe å ha innvandrar-bakgrunn i skulen.
Forskarane er usikre på kvifor det er slik. Det er store forskjellar på kva slags innvandrargrupper som bur i dei ulike landa, og det kan ligge forklaringar der. Men forskjellane kan også ha mykje med det som skjer på skulen å gjere.
- Tilsvarande grupper i Sverige skårar mykje betre. Dei som er fødde i Sverige av to utanlandske foreldre presterer like bra på skuletestane som norske majoritetselevar gjer, seier Roe.
(NRK)Kvalitet i skolen
- Tror ikke på elendige skoletester
- Nytenking om sidemål i skulen
- Åtvarar mot lengre lærarutdanning
- Får meir pengar til norskopplæring
- Flere assistenter i skolen
- Mangler kvalifiserte lærere
- Innvandrar-elevane taper i skulen
- PISA-leiar fryktar taparskular
- Vil ha femårig lærerutdanning
- Slakter norske skoler
- 25.000 elever føler seg mobbet

Stabilt for elever etter bilulykke
Syria-ambassadør med sterke bilder 
