Hopp til innhold

Bernander må møte i retten

Tidlegare kringkastingssjef i NRK, Jon G. Bernander, må møte i retten for å ha trossa en avgjersle i namsretten i Oslo.

John G. Bernander
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Hausten 2005 nekta namsretten NRK å sende eit Brennpunkt-program, men NRK sende likevel programmet.

- Det er slått fast at norsk lov ikkje hadde rom for det vedtaket som vi trossa og da føles det nesten surrealistisk å skulle stå tiltalt i ein straffesak for ikkje å ha fulgt det, seier Bernander.

Nekta bota

Då NRK sende programmet trass i sendeforbodet som namsretten vedtok, fekk Bernander ein bot på 150.000 kroner. Han nekta å betala bota. Høgsteret slo i vår fast at vedtaket i namsretten var ei form for førehandsensur som er i strid med ytringsfridomen. Bernander hadde venta at påtalemakta ville leggja bort straffesaka mot han etter den klare høgsteretsdomen, men no vil statsadvokat Linda Myrdal ha Bernander for retten.

- Det ikkje-vedtatte førelegget er sendt til Oslo tingrett med oppmoding om fastsetjing av hovudforhandling, seier Myrdal.

Strasbourg

Generalsekretær Nils Øy i Norsk redaktørforening reagerer sterkt på avgjerda til påtalamakta. Øy ser ikkje bort frå at saka til slutt hamnar i Strasbourg.

- Vi har ei rekkje avgjersle i Europadomstolen som trekkjer inn artikkel 10. Alle avgjersle må vegast opp mot ytringsfridomen som er lagt fast i artikkel 10, seier Øy.

AKTUELT NÅ