Hopp til innhold

P-pille for menn om to år

Ein p-pille for menn kan vere klar til testing i løpet av eit par år. Norske forskarar har funne fram til ein metode som skal vere heilt utan biverknader.

Sædceller i mikroskop
Foto: NRK

Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Rikshospitalet og firmaet Spermatech.

I løpet av dei siste månadene har forskarane identifisert det proteinet som får sædcellene til å bevege seg. Dei har også funne fram til strukturen i dette proteinet.

Se reportasjen: P-pille for menn

No arbeider dei med å teste ulike stoff som kan brukast i eit prevensjonsmiddel for menn. Stoffet skal påverke proteinet slik at sædcellene ikkje kan røre på seg. Dermed greier dei ikkje å befrukte eggcellene.

Ingen biverknader 

Professor Bjørn Steen Skålhegg ved Universitetet i Oslo er sjef for forskarteamet.

- Vi har funne eit protein som finst berre ein plass i kroppen, i sædcellene, og det har berre ei oppgåve, nemleg å få desse til å bevege seg. Dette er altså eit heilt unikt protein, som vi derfor meiner kan påverkast av medikament utan at det får nokon biverknader, seier Skålhegg.

- Det finst mange konkurrentar til det vi driv med, men dei arbeider med preparat som påverkar hormona. Slike medikament kan gje biverknader, seier Skålhegg. 

Eirik Næss-Ulseth
Foto: NRK

Gullgruve

Ein p-pille for menn kan bli ei økonomisk gullgruve.

- Marknaden for prevensjonsmiddel er ca 50 milliardar kroner i året internasjonalt. Eit prevensjonsmiddel for menn vil sannsynlegvis bidra til å utvide denne marknaden, seier dagleg leiar i Spermatech, Eirik Næss-Ulseth.

- Potensialet er stort. Vi hentar no inn kapital slik at vi kan ha eit godt økonomisk grunnlag når p-pillen er klar til test i 2009, slik planen er.

Internasjonalt samarbeid

Næss-Ulseth kjenner seg heilt sikker på at planane blir ein realitet.

- Forskingsarbeidet som er gjort her på Rikshospitalet har ført til at vi no går i kompaniskap med det internasjonale selskapet Evotec, seier han. Saman med deira folk i Tyskland og England arbeider vi no for fullt med å finne fram til det beste kjemiske stoffet til ein mannleg p-pille, seier Eirik Næss-Ulseth.

AKTUELT NÅ