Hopp til innhold

Bolstad: Kjem ikkje til å krevje væpning av politiet

– Vi trekkjer ikkje fram noko krav om væpning av politiet i denne situasjonen. Det er eit spørsmål andre må avgjere, seier leiar i Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad.

Bevæpnet politimann med pistol

Politiets Fellesforbund kjem ikkje til å krevje generell væpning av norske politifolk

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

Politiets Fellesforbund har eit landsmøtevedtak frå 2012 om at dei går inn for ei væpning av politiet, men Bolstad er klar på at dei ikkje ser nokon grunn til å trekkje dette vedtaket fram no.

– Vi er nøgde med at politileiinga er tidleg ute og informerer. Det er tunge fagmiljø som fortløpande vurderer dette spørsmålet, og vi har full tillit til at desse vil ta den rette avgjerda, seier Bolstad til NRK.

– Kloke vurderingar

Leder Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund

Leiar Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund vil ikkje trekkje fram landsmøtevedtaket om væpning i denne situasjonen.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Den øvste tillitsvalde for norske politifolk meiner politidirektør Odd Reidar Humlegård har gjort kloke vurderingar av situasjonen om korleis norske politifolk skal møte den nye trusselen.

– Det handlar om å skjerpe sansane i dag daglege arbeidet med tanke på eigen tryggleik. Her kan det vere litt å gå på, og det aukar sjansane for at det skal gå bra, seier Bolstad.

På spørsmål om situasjonen er meir truande no enn tidlegare, svarar Bolstad at politiet reknar med at det vil kome fleire trusselmeldingar i framtida enn det vi har vore vane med her i landet.

Nøgd med informasjonen

Sigve Bolstad presiserer at han har full tillit til dei trusselvurderingane Politidirektoratet, PST og Justisdepartementet gjer til ei kvar tid, og at han er nøgd med at Politiets Fellesforbund blir godt informert.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård

Politidirektør Odd Reidar Humlegård har bede politimeistrane om å gå gjennom alle tryggingsrutinar.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Det er dei som tek dei faglege avgjerdene, men vi er glade for at vi har gode samtalar om situasjonen, seier han.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård bad tidlegare i dag politimeistrane og sjefane for politiet sine særorgan om å gå gjennom tryggingsrutinane og eventuelt justere desse, om det er naudsynt. Han bad også at alle politifolk skulle vere ekstra på vakt mot moglege farar. Dei skal også vurdere uniformsbruk i det offentlege rom .

Oppmodar til angrep

Det som har ført til den auka terrorberedskapen er først og fremst ein video som terrororganisasjonen IS nyleg la ut på Internett. Her blir sympatisørar oppmoda om å gå til angrep på særleg politifolk og militære frå dei landa som deltek i den internasjonale koalisjonen frå IS.

Det har den siste tida vore angrep mot politifolk både i Melbourne i Australia, i London, det har vore to angrep mot politifolk i Canada og i New York vart fire politifolk angripne med øks.

PST-leiar Benedikte Bjørnland sa tidlegare i dag at den nye terrortrusselen er

Benedicte Bjørdal, PST

PST-sjef Benedicte Bjørnland seier at den nye terrortrusselen er noko heilt anna enn trusselen i sommar.

Foto: NRK

noko heilt anna enn trusselen sist sommar, og at denne siste trusselen ikkje er nokon trussel mot vanlege folk .

LES OGSÅ: PST: – Sannsynlig at terror kan skje

LES OGSÅ: – Vi ser et taktskifte i IS' fremgangsmåte

– Treng ikkje å bli redde

Både statsminister Erna Solberg og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide, begge frå Høgre, meiner at nordmenn ikkje treng å bli redde for angrep, trass i at dei seier at det er sannsynleg at Noreg kan bli utsett for terror i løpet av det neste året.

Nestleiar i Framstegspartiet, Per Sandberg, seier i ein kommentar at terrortrusselen i sommar var meir alvorleg enn denne, fordi trusselen då var konkret.

– IS kjem med dei nye truslane fordi dei er på vikande front, og då må dei tenkje nytt. Men sanninga er at dei er i ferd med å tape kampen i Irak og Syria, seier Per Sandberg til NRK.

AKTUELT NÅ