Hopp til innhold

Ingen får ikkje vite kor mange barn som er drepne

Folkehelseinstituttet si forsking er stoppa av personvernomsyn. – Ein skandale, seier leiar av Stine Sofie-stiftelsen, Ada Sofie Austegard.

Torleiv Ole Rognum

FORSKINGA BLEI STOPPA: Forskarane ved Folkehelseinstituttet ønskte å finne ut kor mange barn som har blitt drept i Noreg, men av personvernomsyn blir forskinga aldri publisert. Professor Torleiv Rognum ved Folkehelseinstituttet kan ikkje avslutte og publisere forskinga si på mistenkelege dødsfall hos barn.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Det er ei stor skandale at Datatilsynet har stoppa dette viktige prosjektet.

Leiar av Stine Sofie-stiftelsen, Ada Sofie Austegard

I 2011 blei Monika Sviglinskaja (8) funnen død i heimen sin i Sund. Ni månadar etter blei saka lagt bort, men no er den tidlegare sambuaren til mora sikta for drapet på 8-åringen.

Ingen veit sikkert kor mange barn som blir skada til døde kvart år. Gjennom eit større forskingsprosjekt ville Folkehelseinstituttet klargjere det. Dei har obdusert rundt 80 døde småbarn, og sett at fleire av desse kan ha vore drap utan at det har ført til etterforsking og tiltale.

Men forskingsprosjektet blei aldri fullført eller publisert. Arbeidet er stoppa av omsyn til personvernet til foreldre og omsorgspersonar.

LES OGSÅ: Frykter mange barnedrap aldri blir oppklart

Forskinga er stoppa av personvernomsyn

Monika Sviglinskaja

For tre år sidan blei åtte år gamle Monika Sviglinskaja funnen død. Politiet la bort saka som sjølvmord, men no er den tidlegare sambuaren til mora sikta for å ha drepne ho.

Foto: Privat / NTB scanpix

At personvernet til drapsmenn er viktigare enn rettstryggleiken til barn er eit paradoks, seier professor Torleiv Rognum ved Folkehelseinstituttet.

– Det er jo ikkje bra at ein spekulerer i at det finst masse uoppklarte drap. Ein bør heller få tala fram i lyset, og det har me også moglegheit til.

Folkehelseinstituttet har kartlagt rundt 80 barn som er skadde til døde mellom 1979 og 2009, og dette er berre i Helse Sør-Øst-området. Forskarane ønskte å finne ut kor mange av desse barna som faktisk blei drepne, mellom anna for å sleppe å operere med mørketal.

– Det er verre enn alt det. Det skapar berre utryggleik, og kanskje også unødig utryggleik. Få fakta fram, det må vere det viktige, seier Rognum.

Men så kom altså Datatilsynet på besøk hos Folkehelseinstituttet.

– Forskinga er stoppa av personvernomsyn, og me har forskingsstopp av omsyn til dei som har påført skadane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Torleiv Ole Rognum

FORSKINGA BLEI STOPPA: Professor i rettsmedisin ved Folkehelseinstituttet, Torleiv Rognum får ikkje lov av Datatilsynet til å fullføre eller publisere forskinga si.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Å lagre slike opplysingar er belastande

Juridisk fagdirektør i Datatilsynet, Cecilie Rønnevik, seier personvernet til foreldre og omsorgspersonar må gå framfor forskinga.

Cecilie Rønnevik

STOPPA FORSKINGA: – Det er klart at det å ha den type informasjon på avvegar eller å ha dei i systemet er belastande, seier juridisk fagdirektør i Datatilsynet, Cecilie Rønnevik.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

– Dette er jo foreldre som har hatt det veldig vanskeleg. All den tid dei har vore mistenkt for noko dei seinare er frifunnen for.

– At ein ikkje skal føle at den mistanken slepper taket, men at ein tvert i mot skal tvingast inn i eit forskingsprosjekt nettopp for å avklare om ikkje du likevel drap barnet ditt. Det trur eg alle forstår er ein frykteleg situasjon.

Ho meiner det å ha slike opplysningar lagra, sjølv om dei er anonymisert, er belastande.

– Det er snakk om å hente inn svært sensitive opplysningar om personar som på eit eller anna tidspunkt har vore mistenkt for å ha tatt livet av barna sine. Det er klart at det å ha den type informasjon på avvegar eller å ha dei i systemet er belastande.

– Vaksne sine rettar er meir verdt enn barn sine

Ada Sofie Austegard

– EI SKANDALE: – Her ser me igjen at det er dei vaksne sine rettar som blir i vare tatt, seier leiar av Stine Sofie-stiftelsen, Ada Sofie Austegard.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

– Det er ein stor skandale at Datatilsynet har stoppa dette viktige prosjektet, seier leiar av Stine Sofie-stiftelsen, Ada Sofie Austegard.

At personvernet til dei vaksne skal vege tyngre enn å finne ut kva som har skjedd med barnet, er uhaldbart, meiner ho.

– Her ser me igjen at det er dei vaksne sine rettar som blir tatt vare på. Det ser me gang på gang: Menneskerettane til dei vaksne er så mykje meir verdt enn menneskerettane til barn.

Folkehelsetilsynet har anka avslaget frå Datatilsynet til Personvernnemda.

– Me har hatt møte med dei. Dei seier me må varsle den det gjelder, før ein kan gå inn og publisere desse datoane, seier professor Torleiv Rognum ved Folkehelseinstituttet.

– Men viss det er 30 år sidan kan dei det gjelder vere flytta, dei lever kanskje ikkje lenger, og det er ikkje sikkert det er noko teneste me kan varsle.

Folkehelseinstituttet kunne difor ikkje avslutte og publisere forskinga si på mistenkelege dødsfall hos barn.

LES OGSÅ: Kriposveteran: – Kollektiv kortslutning i Monika-saken