Hopp til innhold

– I Gaza er ingen stad trygg

Labiba Abu Nima var ein av tusen som møtte opp utanfor Domkirka i Stavanger i dag, for å ta avstand frå Israels bombing og bakkeinvasjon av Gaza. Sjølv har ho familie inne i området.

– Eg synest det er veldig bra at me har ei markering her i dag. Og at me kan stå samla og seia kor forferdeleg det er det som skjer i Palestina no, seier Labiba Abu Nima.

Ho var ein av dei som heldt appell under demonstrasjonen i dag. Ho bur i Stavanger, men kjem frå Gaza, og har familie som bur i området kor det no er bombing og bakkeinvasjon med soldatar.

– Eg kjenner det ekstra på kroppen når eg har familie i Gaza. Det er veldig tøft når ein veit at dei kan bli drepne når som helst, seier Abu Nima.

Samstundes som politiske parti og andre organisasjonar demonstrerte i Stavanger, kom meldingar om harde bakkekampar på grensa mellom Israel og Gaza. Til no er fleire enn 300 palestinarar drepne i den siste runda av krigshandlingar, som har halde på i rundt ei og ei halv veke.

Etter ei våpenkvile på berre nokre få timar starta Israel bakkeinvasjonen torsdag kveld.

Omlag tusen menneske møtte opp i Stavanger for å demonstrere mot Israels bakkeinnvasjon av Gaza.

Familien har flykta


Familien til Abu Nima bur nord i Gaza. Området er tett busett, og det er dessutan i nord bakkeinvasjonen starta. Og familien har fortalt om ein tøff situasjon.

– Dei høyrer bombing over alt, og dei veit ikkje om de skal flykte. Og det er vanskeleg, for dei veit ikkje kor de eventuelt skal flykta, sa Abu Nima då ho var gjest i NRKs ettermiddagssending i Rogaland fredag ettermiddag.

Etter eit døgn utan kontakt fekk dei endeleg ein telefon frå familien i går kveld.

– Då fortalde dei at dei har flykta inn til Gaza-by, sentralt i Gaza, seier Abu Nima.

– Dei held seg innandørs, og det er mange menneske som bur oppi kvarandre. Dei håpar på det beste, men i Gaza er ingen stad trygg. Dei kan bli angripne uansett kor dei er. I Israel har dei bomberom, men det finst ikkje i Gaza, seier ho.

Mange møtte opp

Bak demonstrasjonen i Stavanger i dag stod ei lang rekkje politiske parti og organisasjonar. Arrangørane sjølv seier at om lag 1000 menneske gjekk i demonstrasjonstoget rundt Breiavatnet i Stavanger sentrum.

I tillegg til Labiba Abu Nima heldt og Ingebreth Forus frå Palestinakomiteen, Torfinn Ingeborgrud (frå MGD, men på vegner av alle partia), Dina Serine Ouvren for ungdomsorganisasjonane, Irram Malik frå Muslimsk Fellesråd Rogaland og Aslaug Austbø frå Den norske kyrkje appellar.

Gaza-demonstrasjon

Mange hadde møtt opp for å gå i demonstrasjonstog mot bombinga og bakkeinvasjonen av Gaza.

Foto: Anders Fehn / NRK