Hopp til innhold

Skaut og drap kamerat - no er han frifunnen

22-åringen avfyrte skotet som tok livet av jaktkameraten. No er han frifunnen for aktlaust drap. – Han er letta, men vil alltid bere det med seg, seier forsvarar Trygve Staff.

Mjanger i Masfjorden

DØYDDE PÅ JAKT: Ein 22 år gammal mann omkom i Masfjorden i oktober 2012. No er kameraten frifunnen for drap.

Foto: Sindre Øye Helgheim

Den 22 år gamle mannen frå Hedmark som var tiltalt for uaktsomt drap, er frifunnen, konkluderer Nordhordland tingrett.

«Den dypt tragiske ulykken skyldes en rekke uheldige omstendigheter som har virket sammen og har skapt situasjonen hvor Tore Gaard avgikk ved døden, men hvor (tiltalte) ikke er å bebreide rent strafferettslig», heiter det i dommen, som kom fredag.

«Han må leve med vissheten om å ha drept en kamerat, hvilket vil være en tung bør å bære, uansett», skriv dommarane.

22-åringen slepp også økonomisk erstatningsansvar.

«Når retten ikke finner uaktsomhet i forhold til straffekravet blir resultatet at det heller ikke er grunnlag for oppreisning».

Nekta straffskuld

– Det er godt det har kome ein dom. I ei så alvorleg sak vil eg ikkje seie at det er gledeleg, men min klient er veldig letta over utfallet, seier forsvarar Trygve Staff.

Rettsaka byrja i Nordhordland tingrett i førre veke. 22-åring stod tiltalt for uaktsomt drap, etter ei dødsulukke under ein jakttur i oktober 2012. Tiltalte løsna eit skot som tok livet av den 22 år gamle jaktkameraten, Tord Gaard frå Haugesund.

Den tiltalte nekta straffskuld då rettsaka byrja. Eit sentralt spørsmål i rettsaka var om tiltale handla så aktsamt som han burde.

Letta over frikjenning

– Heile saka er ein fullstendig tragedie, seier forsvararen.

Den tiltalte har heile tida hevda at han såg eit dyr då han avfyrte skotet. 22-åringen forklara i retten at han såg ein hjort, både med sine eige auge og gjennom siktet på våpenet før han avfyrte skotet.

I dommen legg og tingretten vekt på hans forklaring, og skriv at dei har ingen grunn til å tru noko anna.

– Han er letta over at retten si vurdering blei som han hadde håpa. At han ikkje kan skuldast for straffbar aktløyse. Dette var eit hendeleg uhell, seier Staff.

Høyrde eit skrik

I retten forklarte aktor May-Britt Erstad at jaktleiar like før melde frå på radioen at han trudde han hadde skadeskote eit dyr. Ifølgje han var dyret på veg mot den tiltalte 22-åringen.

Den tiltalte forklarte at han høyrde knekkelydar frå kvistar i nærleiken før han såg dyret på kring 30 meter avstand. Han avsikra våpenet og følte at han hadde ein god moglegheit for skot.

– Så skaut eg. Eg var sikker på at vi no hadde fått den hjorten jaktleiaren hadde skote på. Like etterpå høyrde eg eit skrik, forklarte 22-åringen i retten ifølgje Bergens Tidende.

I staden traff 22-åringen jaktkameraten frå Haugesund. Tiltalte fortalde at han sidan ulukka for eitt og eit halvt år sidan har tenkt mykje på korleis han kunne ta så feil.

– Han veit godt kva som har hendt og kva som vart resultatet av det skotet. Det er noko han alltid vil måtte bere med seg, seier Staff.