11.02.2012

- Dårleg nytt for pensjonistane

Fra venstre Åse Gunhild Wolje Duesund, Jan Tore Sanner og Trine Skei Grande. (Foto: Geirr Larsen/NRK)

Frå venstre Gunhild Woje Duesund (KrF), Jan Tore Sanner (H) og Trine Skei Grande (V).

Foto: Geirr Larsen/NRK

Framstegspartiet meiner forslaget til ny pensjonsreform er dårleg nytt for pensjonistane, og kallar det  ei sparereform.

Stortingsrepresentant Robert Eriksson meiner forslaget i praksis vil føre til mindre pengar til pensjonistane enn om dagens modell vart vidareført.

- Dette er i botn og grunn ei sparereform. Eg kan vanskeleg sjå at dette forslaget dannar eit godt grunnlag for å samarbeide med Frp i Stortinget, seier han.

 

Robert Eriksson (Foto: Bjørn Sigurdsøn/Scanpix)

Robert Eriksson (Frp) er ikkje nøgd med pensjonsforslaget.

Foto: Bjørn Sigurdsøn/Scanpix

- Brot på forlik

Høgre skuldar regjeringa for å bryte med det breie pensjonsforliket i Stortinget, fordi all premiering i private pensjonsordningar blir fjerna.

- Desse ordningane må regjeringa få plass igjen i statsbudsjettet for 2007, dersom det skal bli skapt grunnlag for eit breitt pensjonsforlik, seier nestleiar i Høgre, Jan Tore Sanner.

Sanner meiner regjeringa vil straffe småspararar, og at dei gjer det vanskeleg for breie grupper å ta delansvar for eigen pensjon.

- Det blir mindre samanheng mellom det den enkelte betalar inn og det ein får ut, seier Sanner.

V med tre krav

 Nestleiar i Venstre, Trine Skei Grande, krev at regjeringa må vidareføre ordninga som stimulerer folk til å teikne individuelle pensjonsspareordningar.

- Vi har tre krav til eit pensjonsforlik. Framleis skattefrådrag ved individuell pensjonssparing, vi må unngå dårlegare pensjon for dei med lenger utdanning og utteljing for ulønna omsorgsarbeid i heimen, seier Trine Skei Grande.

- Treng forbetring

Åse Gunhild Woje Duesund frå Kristeleg Folkeparti seier at pensjonsmodellen må forbetrast på fleire punkt for at KrF skal kunne bli med på eit breitt pensjonsforlik. Ho peikar på pensjonsrettar for ulønna omsorgsarbeid, opptening av pensjon i folketrygda for dei med middels inntekter og dessutan at vilkåra for individuell pensjonssparing må forbetrast.

Ho legg til at forslaget om å svekkje oppteninga av pensjonsrettar for ulønna omsorgsarbeid er uakseptabelt.

(NRK NTB)

Siste innenriks

Siste utenriks







NRK Butikken
Banner valgresultat 2011 174x220