Hopp til innhold

Fangar sette fri i Afghanistan - sterk reaksjon frå USA

USA reagerer sterkt på at 65 fangar er sette fri frå Bagram-fengselet i Afghanistan. President Hamid Karzai seier at USA ikkje har noko med å blande seg inn i indre afghanske forhold.

Bagram-fengselet i Afghanistan.

65 fangar vart i dag sette fri frå det tungt vakta Bagram-fengselet nord for Kabul i Afghanistan.

Foto: SHAH MARAI / Afp

Karzai sa dette under eit offisielt besøk i den tyrkiske hovudstaden Ankara i dag. USA meiner at dei 65 fangane den afghanske regjeringa har avgjort skal setjast fri, er ein stor trussel. Lagnaden til desse fangane har blitt eit nytt vanskeleg spørsmål i det frå før kjølige forholdet mellom USA og Afghanistan.

– Eit stort tilbakesteg

USA har framleis 38.000 soldatar i Afghanistan, og soldatane er ofte mål for angrep frå den islamistiske opprørsgruppa Taliban. Ein talsmann for dei amerikanske styrkane i Afghanistan sa tidlegare i dag at lauslatinga av dei 65 fangane, er eit stort steg tilbake for det afghanske rettsstellet.

Hamid Karzai (t.v.) og Abdullah i Ankara.

Hamid Karzai (t.v.) i munter passiar med sin tyrkiske kollega Abdullah Gul i Ankara torsdag ettermiddag.

Foto: ADEM ALTAN / Afp

– Dette er ei sak USA ikkje har noko med, og eg håpar at USA vil slutte med å trakassere afghanske prosedyrar og juridiske autoritet, sa Karzai etter eit møte med sin tyrkiske kollega Abdullah Gul i Ankara.

USA har samla informasjon om dei 65 fangane, og det følgjande er litt av det amerikanske militæret meiner dei har gjort seg skuldige i:

  • 25 av dei kan knytast til produksjon eller utplassering av bomber. 33 av dei testa positivt på avfall frå sprengstoff på huda etter arrestasjonen. 40 prosent av fangane var involverte i angrep der afghanske sivile og soldatar vart enten såra eller drepne.
  • USA meiner også at 30 prosent av dei 65 var involverte i angrep der NATO-soldatar vart såra eller drepne. Minst ein vart arrestert etter at han vart såra under eit angrep mot afghanske soldatar, medan andre igjen vart arresterte med ulovlege våpen på seg, inkludert maskingevær og granatkastarar.
  • Over halvparten av dei opererte i dei sørlege provinsane Helmand og Kandahar, der Taliban står sterkt.

USAs informasjon om dei 65 frigitte fangane

Afghanske styresmakter seier på si side at dei ikkje har nok bevis mot dei 65 til å halde dei fengsla.

LES OGSÅ: FN-rapport: Sivile dødstall i Afghanistan økte igjen i 2013

LES OGSÅ: Rømte fra livet som barnebrud

Trur ikkje på signering

Tysklands utanriksminister Frank-Walter Steinmeier.

Tysklands utanriksminister Frank-Walter Steinmeier seier han har gått forsikring frå Hamid Karzai at han vil signere tryggingsavtalen med USA.

Foto: JOHN THYS / Afp

Tidlegare denne veka sa USAs etterretningssjef James Clapper at han ikkje trur at Hamid Karzai kjem til å signere tryggingsavtalen med USA. USA har lenge prøvd å få Karzai til må signere avtalen, som skal sikre eit amerikansk militært nærvær i Afghanistan i åra som kjem.

Det er meininga at NATO-styrken skal trekkje seg ut innan slutten av 2014. Avtalen vart forhandla fram i fjor, men Karzai har hittil ikkje villa skrive under dokumentet.

Tysklands utanriksminister Frank-Walter Steinmeier er overtydd om at Afghanistan vil skrive under ein tryggingsavtale med USA, og seier at han har fått forsikringar frå Hamid Karzai om dette.

LES OGSÅ: Rømte fra livet som barnebrud

LES OGSÅ: FN-rapport: Sivile dødstall i Afghanistan økte igjen i 2013

Forsoningsprosess med Taliban

Steinmeier sa dette i ei orientering til den tyske nasjonalforsamlinga i dag.

– Han sa det heilt klart – avtalen er forhandla fram og vil ikkje bli endra, sa Steinmeier blant anna.

Steinmeier møtte Karzai under eit besøk i Kabul sist helg, men Karzai skal ikkje ha sagt noko om når Afghanistan vil skrive under avtalen. Den afghanske presidenten har tidlegare sagt at avtalen vil bli underteikna først når forsoningsprosessen i Afghanistan, som blant anna vil inkludere Taliban, er godt i gang.

SISTE NYTT

Siste nytt