Hopp til innhold

Kontrollerer alle vogntog på Sørlandet

Politiet og Statens vegvesen vil stoppe alle vogntog torsdag kveld for å kontrollere om dei er godt nok skodde. E18 i Tvedestrand var stengd i nesten tre timar etter at eit vogntog snurra rundt.

Bilkø E39

Alle vogntog som køyrer gjennom Agder og austover vert kontrollert torsdag kveld. Bilete er frå E39 måndag der trafikken stod i fleire timar på grunn av vogntog som fekk problem på glatta.

Foto: Nina Eilertsen

– Vi kan ikkje ha det slik at hovudfartsåra gjennom Agder endar opp med å bli stengt fordi vi har vogntog som er for dårleg skodde, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Ingrid Mæhre til NRK.

Det var eit utanlandsk vogntog som snurra rundt og førte til at E18 i Tvedestrand var stengt i nesten tre timar torsdag kveld.

Vegvesenet fryktar dårlege dekk

No mobiliserer politiet saman med Statens vegvesen for å luke ut vogntog som har for dårlege dekk.

Alle vogntog som kjem i land med danskebåten i Kristiansand klokka 24 blir kontrollert. Det er kring 20 vogntog med båten.

– Vi skal kontrollere om dei har riktig dekk og om dei har med kjetting, seier områdeleiar i Statens vegvesen Terje Bekker.

– Vi fryktar at dei har feil dekk og at dei ikkje er godt nok skodde. Nokre plar også å vere feil lasta. Vi vil jo ikkje ha dei på vegane våre i dårleg stand. Då vert dei ståande i næraste bakke. I tillegg kan det vere trafikkfarleg, seier Bekker.

Kan få køyreforbod

På Stoa i Arendal vil alle vogntog som køyrer austover på E18 bli sjekka.

I Telemark vil alle vogntog som køyrer vestover på E18 bli kontrollerte.

– Dei som ikkje er godt nok skodde vil få køyreforbod. Vi må gjere det vi kan for å forhindre at vegane vert stengde, seier Mæhre.

– Det er ikkje alle vi greier å få tak i, for det er fort gjort at nokon kjem utanom, seier han.

E18 stengt i begge retning

VIDEO: E18 var stengt i Telemark på grunn av vogntog som stod fast.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %