Hopp til innhold

Redsel for å miste jobben minskar sjukefråveret

Frykt for å miste jobben fører til lågare sjukefråver. Dette er konklusjonen til forskarane som studerte kva som skjedde med helsa til arbeidstakarane i dei såkalla Terra-kommunane.

Frykt for å miste jobben fører til lågare sjukefråver

VIDEO: Etter hausten 2007 skjedde det noko med viljen til å gå på jobb i dei åtte Terra-kommunane

Hausten 2007 small bomba. Åtte norske kommunar hadde brukt sparepengar på kompliserte spareprodukt i USA og tapt millionar av kroner. I dei samme kommunane gjekk sjukefråveret betydeleg ned.

Forskarane på Universitetet i Bergen stilte seg spørsmålet: Korleis hadde sjukefråveret vore i Terra-kommunane, dersom dei ikkje vart råka av skandalen? Svaret dei fann var både overraskande og tydeleg:

I dei åtte kommunane gjekk sjukefråveret ned med 10 prosent, samanlikna med 167 andre kraftkommunar.

Du kan lese rapporten her.

– Uro blant tilsette

– Vi kan jo ikkje vite akkurat kva som skjedde med kvar enkelt person og kva dei tenkte når Terra-krisa vart kjent, men det vi veit frå media er at det var ei uro blant tilsette og fagforeningsleiarar om at krisa ville gå ut over arbeidsplassane. Og det finn vi er ei rimeleg forklaring etter å ha testa ut mange alternative forklaringar, seier Karin Monstad.

Forskarane, som er finansiert av eit forskningsprogram i Forskningsrådet, har samanlikna sjukefråveret i offentlege verksemder og private. Resultata viser at sjukefråveret i private verksemder ikkje gjekk ned, slik dei gjorde på offentlege arbeidsplassar som barnehagar, sjukeheimar og skular.

Redde for å miste jobben?

Forskarane er tydelege på at årsakene til at sjukefråveret gjekk ned, kan vere fleire. Det har vore hevda at frykt og redsel for jobben, fører til auka sjukefråver fordi helseeffekten er negativ.

Andre har hevda at redsel for å miste jobben og bli straffa av arbeidsgjevar, gjer at folk i større grad går på jobb og lar vere å sjukmelde seg.

Året etter det forskarane kalla «Terra-sjokket», var tendensen likevel klar: Etter hausten 2007 skjedde det noko med viljen til å gå på jobb i dei åtte kommunane.

Ned 10 prosent

– Sjukefråveret gjekk betrakteleg ned blant dei kommunalt tilsette i Terra-kommunane det påfølgande året. Nedgongen er på heile 10 prosent for kvinner, samanlikna med året før skandalen, fortel Karin Monstad som er forskningsleiar ved Uni Rokkansenteret.

Kvinnene reduserte sjukefråveret sitt fra 7,2 dagar i snitt før Terra-krisa til i snitt 6,5 dagar. Tilsvarande nedgong finn ein ikkje i dei andre kraft-kommunane eller blant dei som jobba i privat sektor i Terra-kommunane.

– Er bordskjemde

– Etter vår meining er norske arbeidstakare bortskjemde. Vi har verdas beste ordning. Nå er det på tide å ta inn over seg at det er andre metodar for å få ned sjukefråværet, sier Lars Erik Sletner, administrerande direktør i Bedriftsforbundet.

- Arbeidsgivarar bør kunne ta i bruk ein karensdag. Det vil seie at arbeidstakarane må betale første dag av sjukefråværet sjølv.

Usikre på langtidseffekt

Forskarane understrekar at nedgongen i sjukefråveret i Terra-kommunane er på kort sikt. Dei har ikkje sjekka langsiktige effektar av Terra-sjokket ennå, men ser ikkje vekk frå at disiplineringseffekten berre er midlertidig.

– Ei mulig mekanisme er at trusselen om framtidig nedskalering gjev arbeidstakarar insentiv til å holde seg på jobb på kort sikt. På same tid kan langvarig usikkerheit gi auka stress og ha negative helseeffektar som dominerer i det lange løp, seier Monstad.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT