Hopp til innhold

-Naturen blir ei leikegrind for motoraktivitet ved oppmjuking av skuterkøyring

Marino Ask i DNT og Sogn og Fjordane turlag meiner eit vedtak om å mjuke opp motorferdsellova vil bryt med den norske friluftstradisjonen. Han fryktar at naturen blir ei leikegrind for motoraktivitet.

Marion Ask på Store Smørstabbtind

MOTSTANDAR MOT OPPMJUKING: Styreleiar i Sogn og Fjordane turlag, Marino Ask, meiner ei oppmjuking av reglane for motorferdsel vil redusere naturen til ei leikegrind for motoraktivitet.

Foto: Børge Brundtland

Høgre og Framstegspartiet sit i desse dagar i regjeringsforhandlingar og eit av måla er å mjuke opp ein del av dagens reglar.

Den nye regjeringa som er på trappene har som mål å mjuke opp ein del av dagens reglar. Frp-leiar Siv Jensen seier at kommunane sjølv skal få bestemme om dei skal få lov å drive på med motorisert ferdsel i utmark. Støtte frå Senterpartiet kan sikre at det blir fleirtal for skuterkøyring i fjellet.

(Saka held fram under biletet)

Snøskuter/catskiing

ENKLARE: Regjeringa ønskjer å gjere det enklare og lettare å drive motorisert ferdsel i naturen.

Foto: Svein Jan Hjelmeset/Mads Jonsson

Men det synest styreleiar i Sogn og Fjordane turlag og Leiar i Naturvernutvalet i DNT, Marino Ask, ikkje noko om.

– Vårt viktigaste anliggande at ein ikkje ser konsekvensane frå politisk hald når ein føresler eit frislepp av fornøyelseskøyring i vinterfjellet. Det bryt med den norske friluftslivsstradisjonen.

Svenske erfaring

Han trur ikkje det norske folk ikkje vil oppleve naturen slik. Han viser også til at i Sverige så har dei kun skuterkøyring, nesten ikkje friluftsliv i form av skigåing.

Men kan ikkje ei oppmjuking opne opp fjellet for fleire friluftsinteresserte?

– Nei, eg trur Ikkje dette er friluftsliv i det heile tatt. Det viser også ein del av dei prøvekommunane ein har hatt. Den motoriserte ferdseleen aukar i fjellet. Det blir ikkje fred og ro i fjellet til å oppleve dyreliv, stillheit og naturen. Det blir rett og slett ein plass for leik og moro. Det er å redusere naturen til ei leikegrind for motoraktivitet.

Eksisterande regelverk er godt nok

Ask meiner dagens regelverk sirkar at grunneigarar og hytteeigarar får fram proviant og andra ting dei treng og at viktige oppgåver ein har i marka kan gjerast motorisert.

(Saka held fram under biletet)

Skuter

VANLEGARE SYN?: DNT og Sogn og Fjordane turlag ønskjer ikkje at naturen skal bli ei leikegrind for motorisert ferdsel.

–Men det ein her snakkar om er å opne opp for fornøyelseskøyring, og då snakkar vi rett og slett om at alternativet til å ta seg ein skitur blir å køyre skuter. Det trur eg dei fleste som er vande til å bruke naturen ikkje meiner er vegen å gå.