Hopp til innhold

Yrke: Å hente heim norske barn

Martin Waage lever av å hente heim norske barn som blir haldne i utlandet mot ein av foreldra sin vilje. Akkurat no er han i utlandet på eit slikt oppdrag.

Martin Waage er sjef for den norske avdelinga av ABP World Group

Martin Waage er sjef for den norske avdelinga av ABP World Group.

LES OGSÅ: Diplomat hevder han ble drapstruet av Skah

LES OGSÅ: Offiserer renvaskes av sine egne

LES OGSÅ: Vil ha domstol for barnekidnapping

Waage er leiar for selskapet ABP World Group i Noreg. Det er eit internasjonalt selskap med hovedkontor på Seychellane, og heimhenting av born frå utlandet er berre eitt av felta dei arbeider med.

Her i landet samarbeider selskapet med blant andre organisasjonen Bortført.no og i Sverige organisasjonen Saknade barns nettverk .

Prøver med diplomati

NRK Ukeslutt har snakka med Waage på telefonen frå eit ukjent land. Han fortel at dei der akkurat no arbeider med å få eit barn til Noreg. Han trur det er godt mogleg å få dette barnet trygt heim.

I snitt har dei fem slike saker i året.

Dei prøver først med det han kallar diplomatiske metodar, altså å prøve å få med seg barnet utan å bruke tvang.

- Kva skjer om det ikkje er hjelp i forhandlingar?

- Vi gjer først grundige undersøkingar om korleis vi skal hente ut barnet. Vi må vurdere om det er mogleg å hente ut barnet og få det heim til Noreg, seier Waage.

Han fortel at det er mange ting å passe på. Ein har gjerne med svært opprørde mennske å gjere, og det viktigaste er å sikre at barnet, eller nokon av dei andre i huset, ikkje kjem til skade.

Fleire hundre tusen kroner

Waage er vag når det gjeld kor mykje eit slikt oppdrag kostar, men han legg ikkje skjul på at det kan bli dyrt. Det kan fort bli snakk om fleire hundre tusen kroner.

Han seier også at dei har kontakt med den norske ambassaden i landa der dei skal hente norske barn.

Waage fortel at dei spelar med opne kort overfor ambassaden, og at dei prøver å sjå om ambasasden kan hjelpe til å få barnet til Noreg ved hjelp av til dømes internasjonale lover og konvensjonar.

LES OGSÅ: – Faremos håndtering av Skah har skadet Forsvarets omdømme

LES OGSÅ: - Merkelig at ambassadøren forsvant

Hente ut eit barn

- Kva seier folk på ambassaden til dykk når dei skjønar at de skal hente ut eit barn og frakte det heim til Noreg?

- Det er ikkje noko vi pratar med ambassadepersonellet om.

- Men forstår dei at det er det de skal gjere?

- Det kan hende.

- Er det de driv med kriminelt på nokon måte?

- Nei, savarar Waage kontant.

- Er det lovleg?

- Vi gjer ikkje noko som bryt med norsk lov, seier han.

Stadig fleire saker

Martin Waage fortel at det blir stadig fleire slike saker, utan at han nemner noko tal.

- Det blir fleire og fleire fleirkulturelle eller internasjonale ekteskap, så folk burde tenkje tanken på at det kan ende på denne måten på førehand. Det er ikkje lett å tenkje på slike ting når ein er forelska, men ein må ha i bakhovudet at dette er noko som kan skje, seier han

Han får støtte frå fleire andre, blant dei barneombod Reidar Hjermann. Han er ikkje i tvil om at det er viktig med ein kontrakt dersom ein inngår ekteskap over grensene.

Her kan ein til dømes bli samde om at ei eventuell barnefordelingssak skal opp for ein norsk rett, og at ingen av partane skal ta med seg borna ut av landet utan at den andre parten har godkjent det.

LES OGSÅ: Vil ha domstol for barnekidnapping

AKTUELT NÅ