Fundet død i sin seng. Taget gift. Illustrasjon.

Døden i meieriet - «et mistænkelig dødsfald»

Ein høgreist ung mann lurer seg vaktsamt gjennom skogen, livredd for å bli sett. Han går lange omvegar for å kome til det vesle bygdemeieriet. Litt seinare tek han den same kronglete vegen tilbake. Dagen etter blir ei 25 år gammal kvinne funnen død inne i meieriet.

Vi er i Sykkylven i Møre og Romsdal, datoen er 24. juni 1899. Det som skjedde i meieriet på Riksem denne midtsommarnatta like før hundreårsskiftet, har levd i ulike versjonar på folkemunne i sunnmørsbygda i fleire generasjonar.

Ei av historiene er forteljinga om eit gjenferd som har heimsøkt ei hytte som var bygd på materialane av det gamle meieriet. Meir om dette seinare.

I kyrkjeboka står det med sirleg skrift under kolonnen for dødsårsak, at meierske Olave Marie Gregoriusdatter, fødd 1873, «blev fundet død i sin seng, taget gift».

Det ser altså ut til at både lensmann og prest hadde konkludert med sjølvmord, men det har vore lite fortalt om korleis dei kom fram til denne konklusjonen.

»Et hastig dødsfald. Selvmord?»Utdrag fra Aalesunds Handels- og søfartstidene.

Et hastigt dødsfald. Frå Aalesunds Handels- og Søfartstidende.

Konklusjonen frå «øvrigheita» var likevel ikkje nok til å stanse rykta om det tragiske dødsfallet. Olave Marie Gregoriusdatter var gravid, og det var barnefaren som hadde gitt henne gift, vart det kviskra i krokane.

Mange har høyrt, men få har visst.

Det skjedde rundt år 1900, vart det fortalt, men det var også alt. Eg hadde heller ikkje noko namn, korkje på meierska eller den moglege barnefaren.

Kyrkjebøkene

Eg byrja å søkje i kyrkjebøkene for Sykkylven sokn. Eg leitte under dødsfall først frå 1900 og fram til 1915, utan resultat, før eg tok føre meg åra frå 1895 til 1900.

Då eg kom til 1899 fall bitane på plass. Eg leitte etter kvinner som døydde unge. Den vanlegaste dødsårsaka blant unge menneske på den tida var tæring, eller tuberkulose, som sjukdomen blir kalla i dag, viser det seg.

Etter ein grundig gjennomgang dukkar «pige meierske Olave Marie Gregoriusdatter» opp.

Datoen for dødsfallet var 25. juni 1899, og ho vart gravlagd vel ei veke seinare. Det står ingenting om at det var eit mistenkjeleg dødsfall, eller om lensmannen hadde vore inne i biletet i det heile teke.

Berre den korte og kalde konklusjonen: «Fundet død i sin seng – taget gift».

Utdrag fra kirkebok. «Funnet død. Taget gift».

Ugift og sjølvstendig

Meierske Olave Marie Gregoriusdatter var ugift, ho hadde lønna arbeid utan å vere hushjelp og ho budde for seg sjølv. Det var uvanleg for ei ung kvinne i 1899, spesielt i eit bygdesamfunn.

For unge jenter var det på den tida viktigast å bli gift, helst til ein gard. Elles var det å vere tenestetaus, gjerne i andre bygder, og så finne ein framtidig ektemann på den måten.

Nokre få fekk sjansen til utdanning, slik som til lærarskule, sjukepleieskule eller å ta kurs for å bli meierske.

Det å bli verande «pige», altså ugift, var ikkje særleg forlokkande, om jenta var aldri så mykje yrkesaktiv og sjølvstendig.

Olava meierske. Illustrasjonfoto.

Vi veit at Olave Marie på denne tida alt hadde vore foreldrelaus nokre år. Først døydde mora. Faren gifte seg opp att, men døydde nokre år seinare. Olave Marie måtte ta vare på seg sjølv. Ho hadde ei syster og to halvsystrer, som ho hadde ein del kontakt med.

Ho utdannar seg til meierske, blir økonomisk uavhengig og har eigen bustad. Det er ikkje vanskeleg å sjå henne føre seg som ei sterk og sjølvstendig ung kvinne.

Restane av meieriet på Riksem.

Berre nokre steinar frå grunnmuren er igjen av det gamle meieriet på Riksem i Sykkylven.

Foto: Jens Petter Riksem

Fysikk og bakteriologi

Vi veit ikkje kvar Olave Marie tok si meieriutdanning, men det mest naturlege ville vere Ålesund. Eit vitnemål frå meieriutdanninga i Ålesund i 1912 viser kva fag det var krav om då. Då gjekk utdanninga frå 15. juli til 15. januar, altså i seks månader. Det er grunn til å tru at Olave Marie gjekk gjennom ei liknande utdanning.

Det var skriftleg eksamen i følgjande fag: Meierilære, norsk, praktisk regning og regnskapsførsel. Så var det muntleg eksamen i fysikk og kjemi, meierilære, bakteriologi og maskinlære. Så var det krav om å vise praktisk dugleik i følgjande fag; «Smørlavning, andet meieriarbeid og arbeidsledelse».

Sykkylven - Riksem

Jordbruk og gudstru

I 1899 var Sykkylven ei bygd der folk i hovudsak livnærte seg av jordbruk, fiske og litt handverk. Men det var også ei bygd prega av inngangen til ei ny tid, industrialiseringa. Kyrkja og kristendomen stod sterkt, og dagleglivet bestod av hardt arbeid, familieliv og gudstru.

Seksuelle forhold utanfor ekteskapet var ikkje akseptert, spesielt ikkje når det vart born av det. Å vere ugift mor på den tida var nærmast ein umogleg situasjon.

Min første reaksjon etter å ha lese om dødsfallet i kyrkjeboka, var at her har det ikkje vore etterforsking. At dødsfallet til ei einsleg og foreldrelaus 25 år gammal meierske ikkje var blitt prioritert av lensmann Heltberg, som var stasjonert i nabobygda Ørskog. Det var ei lang reise med båt og hesteskyss for lensmannen når han hadde oppdrag i Sykkylven.

På det største alvor

Den siste futen i Noreg, Jan Greve.

Futen i Ålesund, Jan Greve, tok personleg ansvar for etterforskinga av det mistenkjelege dødsfallet i Sykkylven.

Foto: Ålesunds museum

Den vidare leitinga etter fakta i saka viste at det var fullstendig feil. Saka vart teken på det største alvor frå første dag.

Ved statsarkivet i Trondheim fekk eg hjelp til å grave litt i Norsk Polititidende (sjå faktaboks). Her kjem det fram at det verkeleg var ei skikkeleg etterforsking, leidd av fut (fogd) Jan Greve i Ålesund. Det at sjølvaste futen leidde etterforskinga, er eit klart teikn på at saka vart teken på alvor.

På denne tida var futane eigentleg erstatta av sorenskrivarar, men det vart avgjort at sidan Jan Greve nærma seg pensjonsalderen, så skulle han halde fram som fut fram til han gjekk av.

28. juni, tre dagar etter at Olave Marie vart funnen død, har Sundmørsposten ein notis om eit «mistænkelig dødsfald» etter at «meiersken på Rikshem blev funnet død. Hun havde hat brækninger, og det er sat i verk undersøgelser for å bringe dødsårsagen på det rene», heiter det i den vesle notisen.

Mistenkelig dødsfall.

Frå Sunnmørsposten 28. juni 1899.

Obduksjon

Polititidende brukar også uttrykket mistenkjeleg om dødsfallet. Det vart kalla inn til liksyn, og det vart også gjennomført ein obduksjon.

Her vart det slått fast at Olave Marie var gravid i femte eller sjette månad, og at dødsårsaka var inntak av gift.

Dei som etterforska saka seier at det var ting som kunnetyde på sjølvmord, men at det også var ein heil del andre ting som talte i mot dette. Funn i soverommet tydde meir på at Olave Marie hadde førebudd ein abort.

I Ålesund blir politibetjent Hagerup sett på saka. Han tek seg ein runde rundt til apoteka i byen. På apoteket Nordstjernen fekk han napp. Farmasøyten hugsar at ein ung gut frå Sykkylven hadde vore innom veka før dødsfallet med ein resept på arsenikk. Resepten hadde han fått av dyrlegen, og formålet var å utrydde skadedyr og til «kreaturvask».

Aresnikkflaske. Illustrasjon.

Farmasøyten hadde bite seg merke i at ungguten frå Sykkylven skulle ha eit så vidt stort kvantum av gifta. Farmasøyten sa i forklaringa si at han hadde tilbode ungguten ein fosforsalve som rottemiddel, men at han insisterte på at det var arsenikk han skulle ha.

21-åring arrestert

Det tok ikkje lang tid før ein 21 år gammal mann, som budde i nærleiken av meieriet, vart identifisert som kjøpar av gifta. 6. juli 1899, i underkant av to veker etter dødsfallet i meieriet på Riksheim, vart han arrestert, framstilt for varetektsfengsling og så varetektsfengsla. Han sat i varetekt i Ålesunds fengsel fram til 3. august.

Ålesund rådhus og fengsel.

Her i det kombinerte rådhuset og fengselet i Ålesund sat den 21 år gamle mannen varetektsfengsla i nesten ein månad, før han vart sett fri mot kausjon.

Foto: Ålesunds Museum

Då vart han sett fri mot kausjon. Han måtte deponere bankbøker med til saman 1800 kroner på. Det er uklart om han vart pålagt noko form for meldeplikt i tida fram til rettssaka.

Det vart bestemt at saka mot han skulle reisast for Gulating lagmannsrett 12. september same året.

For lagmannsretten

12. september vart det halde lagting, truleg i Ålesund, og 21-åringen frå Sykkylven var på tiltalebenken. Tiltalen lydde på «medvirkning til fosterfordrivelse og aktløst drap».

Statsarkivet i Bergen greier ikkje å finne noko om rettssaka i arkiva sine, sakspapira er av ein eller annan grunn borte.

Her må vi altså stole på det som stod i avisene.

Det var Ålesund Handels- og Søfartstidende som hadde den mest omfattande dekninga, av det vi har greidd å grave fram. Dette var den første avisa i Ålesund, og ho kom ut mellom 1856 og 1904. I åra 1872 til 1876 hadde avisa namnet Aalesunds Tidende.

– Visste ikkje ho var gravid

I rettssaka fortel den tiltalte 21-åringen ei noko spesiell historie. Han seier blant anna at han ikkje visste at Olave Marie var gravid, men at ho hadde bede han få tak i gift fordi ho var plaga med mus på meieriet. Han nekta altså ikkje for at det var han som hadde skaffa gifta som tok livet av henne.

Han nekta derimot for å ha hatt seksuelt samkvem med den nesten fem år eldre meierska.

Han fortel i retten at det var mora hans som hadde fortalt han at Olave Marie var gravid. Aktor finn dette vanskeleg å tru. Han slår fast at det ikkje var tvil om at 22-åringen og avlidne var «fortrolige», altså at han måtte kjenne til at ho var gravid.

Forsvararen hans hadde greidd å hente fram vitne som kunne fortelje at Olave Marie Gregoriusdatter var tungsindig, og at ho hadde sagt at ho vurderte å ta livet sitt. Eit vitne fortalde at ho hadde snakka om å bruke «et taug».

Andre vitne fortalde at ho ikkje var spesielt tungsindig i dagane før ho døydde, men tvert imot kvikk og lys til sinns. Økonomien hennar var også god, ho hadde over 1000 kroner uteståande i løn, fekk retten opplyst. Ho hadde også kjøpt seg ein del nye klede, og det var lite som tyda på at ho hadde tenkt å forlate denne verda.

Med 1000 kroner kunne ho i 1899 ha vore på god veg til å kunne kjøpe seg ein liten gard.

Annan mogleg barnefar

Forsvararen lanserte også ein annan namngitt mann som ein mogleg barnefar, men her vart han sterkt imøtegått av aktor. Aktor sa at det ikkje var noko som kunne tyde på at denne namngitte mannen kunne vere far til barnet ho venta, og han avfeia det som «bygdesnak».

Han måtte likevel vedgå at han heller ikkje hadde bevis for at det var den tiltalte 21-åringen som var far til barnet Olave Marie venta.

Aktor sa likevel i retten at det var påfallande at 21-åringen hadde brote med jenta han var trulova med, same dag som, etter forklaringa hans, Olave Marie hadde bede han om å skaffe gift.

Ei venninne av henne sa i retten at ho hadde spurd Olave Marie om kva forhold ho eigentleg hadde til tiltalte. Ho fekk til svar at det var mellom dei to, og at ingen andre hadde noko med det.

Aktor meinte at 21-åringen måtte dømmast for «medvirkning til fosterfordrivelse» og for «aktløst drap». Forsvararen prosederte på full frifinning.

Dagen etter stod det ein liten notis i Sundmørsposten:

«Frikjendt: Gutten fra Søkkelven, som var sigtet for delagtighed i, at meirsken ved Riksems meieri døde av forgiftning, er af lagmannsretten frikjendt».

Døden i meieriet. Frikjent.

Sunnmørsposten 13. september 1899.

«En opvakt gut»

Dermed kan vi slå fast at retten trudde på 21-åringen, og han kunne halde fram med det livet han eller foreldra hadde planlagt for han. Han var ein svært gåverik ungdom. Dette brukte også aktor når han prøvde å slå hol på forklaringa hans i retten.

«Det er en opvakt gut, som ikke under noen omstendighet gir preg av at være enfoldig», sa aktor blant anna, når han ymta om at historia til den unge sykkylvsguten ikkje heilt hang saman.

Ikkje lenge etter frikjenninga reiste ungguten ut av bygda for å ta ei høgare utdanning. Etter utdanninga kom han tilbake til Sykkylven, der han budde resten av livet.

Professor i rettshistorie ved Universitetet i Bergen, Frode Ulvund, fortel at om 21-åringen hadde vorte dømt etter tiltalen, så risikerte han ei fengselsstraff på mellom seks månader og fem år.

På dødsleiet

Grundig leiting i den lokale gardssoga gir fleire leietrådar. Eg finn garden der Olave Marie vaks opp, og spør kårmannen på garden i dag, ein mann i 70-åra, om han kjenner til rykta om det tragiske dødsfallet på Riksheim.

Han kunne fortelje ei oppsiktsvekkjande historie.

Det var faren hans, som har vore død i mange år, som hadde fortalt at det ein gong på 1960-talet kom eit bod til han frå aldersheimen i bygda. Det var ein bebuar der som absolutt måtte snakke med han.

Mannen det gjaldt visste at han skulle døy. Han var i slutten av 80-åra og med eit stort behov for å lette hjartet sitt. Dette var same mannen som i september 1899 vart frikjent i Gulating lagmannsrett for å ha vore delaktig i dødsfallet i meieriet.

Den gamle mannen hadde veksla mellom heil og halv gråt medan han fortalde historia si. Det var han som hadde gjort meierska Olave Marie gravid, og det var han som hadde gitt henne gifta. Det var mor hans som hadde gitt han klar beskjed om kva han skulle gjere, fortel mannen, basert på det faren hans hadde fortalt.

Han skulle gi henne gift, ikkje for å drepe, men for å provosere fram ein abort.

Den mistenkte. Illustrasjon.

Sterkt prega

Mannen fortalde korleis han laurdagskvelden 24. juni, Jonsokdagen, sneik seg frå heimegarden, gjennom skogen, langs elva og korleis han gjekk lange omvegar for at ingen skulle sjå at han gjekk til meieriet. Der inne hadde han gitt henne gifta.

Så hadde han snike seg tilbake via elvefaret og skogen igjen. Dagen etter vart Olave Marie funnen død.

Seinare har eg fått denne historia stadfesta av ei kvinne frå ei anna familiegrein.

Dei to som har fortalt meg denne historia vil vere anonyme, men begge er det eg reknar som svært pålitelege.

Den siste kvile

Vi kan rekne med at Olave Marie vart gravlagd i tråd med tradisjonen for korleis eit menneske som hadde teke livet sitt, skulle følgjast til den siste kvila.

Korleis vart eit sjølvmord behandla i 1899?

Vidar Haanes er rektor ved Menighetsfakultetet.

Dr. theol. Vidar Haanes er professor i kyrkjehistorie ved Menighetsfakultetet.

Foto: Menighetsfakultetet.

Vi har høyrt historier frå gamle tider om sjølvmordarar som ikkje kunne gravleggjast i vigsla jord. Men dette var det slutt på i 1899, fortel professor i kyrkjehistorie og rektor ved Menighetsfakultetet i Oslo, Vidar Haanes.

Han fortel at den gamle lova som sa at sjølvmordarar ikkje kunne gravleggjast i vigsla jord, vart oppheva alt i 1842. Det var i denne lova framleis slik at sjølvmordarar ikkje skulle sidestillast med naturlege dødsfall, ved at det ikkje skulle vere jordpåkasting eller preike.

Denne ordninga vart oppheva i den nye kyrkje- og kyrkjegardslova som kom i 1898, men lokalt var det framleis mykje opp til soknepresten korleis dei praktiserte det, fortel han.

I kyrkjeboka for Sykkylven ser vi at rubrikken for «jordfæstelse» er utfylt i tillegg til rubrikken for gravlegging. Det kan tyde på at gravferda til Olave Marie ikkje skilde seg ut frå andre gravferder.

– Mykje av haldningane til sjølvmord endra seg i kyrkja på 1890-talet. Det vart mindre fordømming og meir lagt vekt på sorg og kjensler, seier Vidar Haanes til NRK. Han fortel at i 1902 vart også straffelova endra på dette feltet, og då vart det heilt slutt på at dei som tok livet sitt fekk ei anna type gravferd.

Spøkelseshytta

Det som skjedde i meieriet på Riksem i juni 1899, har vore utgangspunkt for fleire rykte og historier opp gjennom åra. Noko av det som har stått sterkast er snakket om ei spøkelseshytte oppe på fjellet mellom Sykkylven og nabobygda Stranda.

Historia som har gått fortel at hytta vart sett opp av materialane frå det gamle meieriet på Riksem, og at folk har opplevd uforklarlege og skremmande ting inne i hytta. Fleire namngitte og truverdige personar, som alle er borte no, har fortalt om skumle ting dei hadde opplevd der.

Ryktet om spøkelseshytta heldt seg levande til langt ut på 1960-talet, men etter det har det vore lite snakk om det. Likevel går hytta framleis under namnet spøkelseshytta blant folk i både Sykkylven og Stranda, i alle fall blant dei over ein viss alder.

Eitt av rykta om denne hytta vil ha det til at det uforklarlege og skremmande i hytta tok slutt då mannen som gav gifta til Olave Marie på meieriet, på dødsleiet tilstod si rolle i dødsfallet. Som om det urolege hadde funne ro.

Avviser spøkeri

Eg ringde til eigaren av hytta, ei kvinne busett på Austlandet. Ho visste at hytta hennar vart kalla spøkelseshytta av folk i både Stranda og Sykkylven, men ho stiller seg heilt uforståande til det.

Hytta har vore i familien sitt eige i mange år.

- Eg arva hytta etter far min, og vi har aldri opplevd noko som helst skummelt eller uforklarleg der. Eg er svært glad i hytta. Eg forstår rett og slett ikkje kvifor ho har fått dette namnet, og eg likar det dårleg, seier ho.

Ho har også ei heilt anna historie om kvar materiala til hytta kom frå, enn det historia om spøkelseshytta fortel.

Så kan ein lure på kvifor historia om spøkelseshytta har fått så sterkt fotfeste blant folk i dei to bygdene. Er det snakk om rykte som har balla på seg opp gjennom åra? Kan det vere ei forveksling? Er det fjøra som har blitt til fem høns?

Det greier vi ikkje å gi noko svar på.