Hopp til innhold

Widerøe: Innstiller alle flygingane på kortbanenettet til i ettermiddag

NFO seier dei skal ta kontakt med NHO for å finne ei løysing på arbeidskonflikten, som har ført til over 200 avlyste Widerøe-avgangar på måndag.

Illustrasjonsbilder fra Gardermoen

Flyteknikarkonflikten har ført til fleire innstilte fly frå Oslo Lufthamn.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Natt til søndag vart konflikten mellom NHO Luftfart og Norsk Flyteknikerorganisasjon (NFO) trappa opp med lockout. Det gjer at 450 flyteknikarar ikkje får gå på jobb.

Widerøe er hardt ramma av flyteknikarkonflikten og innstiller over rundt 200 avgangar måndag.

– Vi står no med veldig mange kanselleringar, seier pressesjef i Widerøe Catharina Solli til NRK.

Selskapet kansellerte fleire fly i helga og innstiller no alle flygingane på kortbanenettet fram til i ettermiddag.

– Mange fly treng teknisk tilsyn og får ikkje dette slik situasjonen er akkurat no, seier ho.

Får konsekvensar for sjukehusa i Nord-Noreg

Kanselleringane på kortbanenettet har fått konsekvensar for sjukehusa i Nord-Noreg.

Sjukehuset i Finnmark hevar beredskapen til grønt nivå, medan sjukehuset i Helgaland er set i gul beredskap. Dette gjer dei fordi vikarar ikkje kjem seg på jobb.

På same tid er sjukehuset i Hammerfest nøydd til å avlyse fleire planlagde legetimar fordi fleire spesialistar ikkje kjem seg til sjukehuset. Det stadfestar kommunikasjonssjef ved sjukehuset Eirik Palm til NRK.

Les også Helgelandssykehuset i gul beredskap – peker på tvungen lønnsnemnd som løsning

Luftambulansetjenesten/Babcock

Hardare råka enn andre selskap

Måndag er det meldt inn over 230 kanselleringar, viser ei oversikt til VG.

Norwegian har innstilt to fly, medan SAS har innstilt 25. Men kanselleringane til SAS har førebels ikkje noko med lockouten å gjere, seier pressekontakt i SAS Lars Wigelstorp Andersen til NRK.

Det kan då sjå ut til at flyselskap som SAS og Norwegian ikkje er like råka av arbeidskonflikten som Widerøe.

Skjermdump Widerøe-innstillinger 27.06.22

Skjermdump frå heimesidene til Avinor måndag morgon viser at dei fleste Widerøe-avgangane frå Oslo Lufthamn er innstilte.

Foto: Skjermdump

Solli seier det er fordi Widerøe har mange og korte flygingar.

– Eit fly hos oss har opp til 26 flygingar i løpet av ein dag, forklarar Solli og legg til:

– Så om dette eine flyet treng teknisk vedlikehald, råkar det mange avgangar.

Nokre av dei lengre flygingane til Widerøe er også innstilt, men selskapet prøvar så godt det lar seg gjere å halde fram med normal drift.

Kirkenes Lufthavn

Widerøe sine fly har mange avgangar, difor blir dei hardt råka om eit av flya treng teknisk tilsyn.

Foto: Terje Pedersen / NTB

NFO seier dei skal ta kontakt

– Vi er svært skuffa over at NHO Luftfart framleis ikkje viser noko initiativ til å ta opp dialogen for å avtale vidare forhandlingar for å kome til ei semje, skriv NFO i ei pressemelding.

Vidare står det at NFO kjem til å ta kontakt med NHO og legge fram eit forslag om å redusere lønnskravet. Men berre mot at dei får behalde fagforeiningsretten for teknikarar i administrativ stilling og teknikarar under utdanning.

NHO på si side er også klar for å ta opp att forhandlingane.

– Viss NFO er villig til å ta opp igjen forhandlingane på ein konstruktiv måte med realistiske krav, er vi klar til å forhandle, seier Torbjørn Lothe, administrerande direktør i NHO Luftfart.

Dei har førebels ikkje motteke ein førespurnad frå NFO og veit difor ikkje kva fagforeininga ser for seg som ei løysing på konflikten.

– NHO Luftfart ønskjer å finne ei løysing på streiken som har råka flytrafikken i heile landet. Vi ser positivt på at NFO signaliserer at dei ønskjer ei løysing.

Les også Stein og Merete får ikkje reist – får ingen sympati

Stein Gjerstad og Merete Giæver Gjerstad, Tromsø lufthavn ifb med streik

Meklar hos Riksmeklaren, Carl Petter Martinsen seier til NRK at partane ikkje har kontakta han enno, og at dei står fritt til å gjere det om dei treng hjelp med forhandlingane.

–Upopulær streik

Dette er ein veldig upopulær streik, seier professor i samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole Frode Steen.

Det er fordi arbeidskonflikten skapar uvisse rundt helse og om folk kjem seg til sjukehus, fortel Steen.

Det kan vere snakk om timar før ambulanseflya kan bli sette på bakken. På same tid kan ein annan konsekvens vere at pasientar ikkje får kreftmedisin.

Eg tenkjer at det er ikkje lenge til regjeringa har nok argument for å seie at det blir lønnsnemnd, seier han.

Frode Steen, professor ved Norges Handelshøyskole

Frode Steen, professor ved Noregs handelshøgskole seier det kjem snart til å bli lønnsnemnd i flyteknikarstreiken.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing

Det er Helsetilsynet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet som vurderer og vedtek tvungen lønnsnemnd viss det er fare for liv og helse.

Departementet opplyste til NRK i går at statsråden følgjer med på konflikten.

AKTUELT NÅ