Hopp til innhold

Vurderer det som trygt med Krekar i Oslo

Politiet held tett om kva slags tryggingstiltak som blir sett i verk rundt mulla Krekar når han søndag flyttar ut frå fengselet og heim til Oslo. – Me meiner at me skal kunne handtera dette, seier politimeisteren i Oslo.

Politimeister Hans Sverre Sjøvold seier dei har vurdert risikoen rundt det å la mulla Krekar få bu i Oslo medan klagen på tvangsflytting blir handsama av Oslo tingrett.

Politimeister Hans Sverre Sjøvold seier at politiet har vurdert kva det betyr for tryggleiken i hovudstaden å la mulla Krekar få lov til å bu der inntil vidare.

Politiet seier at dei på sjølvstendig grunnlag og av praktiske årsaker har bestemt at mulla Krekar inntil vidare skal få flytta heim til familien sin i Oslo når han søndag slepp ut frå Kongsvinger fengsel.

Det skjer trass i at politiet meiner at Krekar ikkje kan bu i Oslo fordi han trekkjer til seg ekstremistar og har ei mentorrolle i islamistiske miljø der.

– Det er ei vurdering me har gjort, Me meiner at me skal kunne handtera det. Restriksjonen som uansett blir lagt på Krekar på Kyrksæterrøra, medfører også fridom til å bevega seg med meldeplikt. Han skal ikkje sitja i fengsel der heller, seier politimeisteren i Oslo Hans Sverre Sjøvold til NRK.

Held tryggingstiltak hemmeleg

Vedtak Krekar

Dette er politiet sitt vedtak om å tvangsflytta mulla Krekar til Kyrksæterøra, ei lita bygd med 2500 innbyggjarar i Hemne kommune. Flyttinga blir no sett på vent etter at Krekar sin forsvarar klaga vedtaket inn for tingretten.

Foto: Oslo Politidistrikt

Politimeisteren vil førebels ikkje uttala seg om eventuelle tryggingstiltak rundt Krekar i Oslo, eller om han får meldeplikt.

– Meldeplikt må vera tufta på eit vedtak. Det får me koma tilbake til, seier politimeisteren.

Justisminister Anders Anundsen har vore ein pådrivar for å få på plass den nye instruksen som krev at personar som Krekar skal ha meldeplikt og bestemt buplass for å ha best mogleg kontroll over dei.

Anundsen seier til NRK at han har tiltru til politiet sine vurderingar rundt Krekar.

– Eg har store forventningar til at det ansvarlige politidistriktet tek ansvar for å sikra oss på ein best mogleg måte.

– 100 mil fram og tilbake

Politiet har på bakgrunn av den nye instruksen bestemt at Krekar skal tvangsflyttast til den trønderske bygda Kyrksæterøra, halvannan times køyring frå Trondheim, men mullaen sin forsvarar har klaga vedtaket inn til Oslo tingrett.

Politiet opplyser fredag at dei av praktiske årsaker vil la mullaen bli buande i Oslo under klagehandsaminga.

– Me snakkar om ei transportstrekning på landevegen på 100 mil fram og tilbake. At han skulle transporterast dit søndag og tilbake til Oslo dagen etterpå for å ta del i eit rettsmøte ville ha vore svært upraktisk, fortel Sjøvold.

Politiet skal no bruka helga til å førebu seg på å forsvara vedtaket om flytting til Kyrksæterøra i Oslo tingrett måndag eller tysdag neste veke.

Klagen til Mulla Krekar om tvangsflytting blir ikkje handsama i retten før neste veke. Han reiser dermed hjem til Oslo når han slipper ut av fengsel, sier politimester Hans Sverre Sjøvold

Politimeister Hans Sverre Sjøvold meiner det ville vore upraktisk å flytta Krekar til Kyrksæterrøra i Sør-Trøndelag søndag, når det sannsynlegvis blir rettsmøte i Oslo tingrett dagen etter.

AKTUELT NÅ