Hopp til innhold

Tek ikkje Lippestad-saka til disiplinærutvalet

Advokatforeininga har bestemt at dei ikkje ønskjer å bringe saka om Geir Lippestad si kontroversielle Breivik-bok inn for disiplinærutvalet.

Geir Lippestad

Geir Lippestad si bok om Breivik har ført til heftig debatt.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Forsvarargruppa reagerte då Lippestad gav ut ei bok der han skildra året som forsvarer for Anders Behring Breivik.

Dei meinte at Lippestad hadde brote god advokatskikk. Men Lippestad avviste dette fordi Breivik hadde fritatt han frå teieplikta.

Hovudstyret i advokatforeininga skriv i ei pressemelding at dei har kome fram til at terrordømde Anders Behring Breivik sjølv oppfordra forsvarar Geir Lippestad om å skrive bok om 22. juli-saka. På bakgrunn av dette har hovudstyret samrøystes kome fram til at det ikkje er grunn for å bringe saka inn for disiplinærutvalet.

Likevel understrekar advokatforeininga at det ikkje er uproblematisk å gi ut ei bok som inneheld klientskildringar sjølv om klienten har gitt samtykkje til dette.

«Ein advokat må føreta ein sjølvstendig vurdering av dei meir generelle konsekvensane av at han eller ho skriv ei bok som klienten sjølv meiner vil unne tene eigne interesser», heiter det i utsegna frå advokatforeininga.

Hovudstyret kritiserer også Lippestad for at det ikkje står i forordet i boka at Breivik hadde friteke Lippestad for teieplikta.

– Eg er veldig glad for behandlinga i hovudstyret, det har vore ein god og grundig behandling, seier Geir Lippestad til NRK.no.

Han meiner kritikken som er komen mot han er overdriven, fordi han meiner boka ikkje først og framst handlar om Breivik.

– Mykje av kritikken kom utan at folk hadde lese boka. Boka handlar om noko heilt anna enn samtalane med Breivik. At opplysningane var forankra hos Breivik ser eg på som ein sjølvfølgje. Dei fleste som har lese boka ser at den handlar om verdiar og det å arbeidde i krevjande situasjonar, seier Lippestad.

– Tek du kritikk for at du ikkje skreiv tydeligare at Breivik hadde godkjent boka?

– Når det har vore ein så kraftig debatt så må eg sjå om det var ting eg kunne gjere annleis. I ettertid tenkjer eg at eg kunne ha skrive meir om settinga innleiingsvis.

Lippestad i Dagsnytt 18

Sjå video: Geir Lippestad i Dagsnytt 18

I april rykka advokat Carl Bore ut med sterk kritikk av boka til Lippestad i Dagbladet.

– Folk flest må kunne ha tillit til at dei kan snakke fortruleg med sin eigen advokat. Eg synest ikkje at boka burde vere gitt ut. Konfidensialitet er heilt grunnleggjande mellom klient og advokat. Plikta er streng og gjeld også etter at oppdraget er slutt, sa Bore til Dagbladet.

Lippestad var ikkje einig i kritikken.

– Eg held meg langt innanfor det som er god advokatetikk. Eg registrerer at Bore har ei anna oppfatning. Ut over det har eg ikkje behov for å kommentere oppfatninga hans, sa han.

AKTUELT NÅ