Hopp til innhold

Vil hindre ein reprise av krisa på 80-tallet

På 80-talet gjekk Noreg gjennom ei økonomisk krise. Finanstilsynet seier deira forslag skal hindre ein reprise. Men Idar Kreutzer i Finans Noreg trur ikkje tiltaka vil ha effekt.

Morten Balterzen

STRAMMAR INN: Finanstilsynets direktør Morten Baltzersen seier tiltaka er meint å hindre ei finanskrise, slik som på 80-talet.

Foto: NRK

Direktør Morten Baltzersen i Finanstilsynet viser til at det har vore god vekst sidan tidleg på 90-talet, men om bustadmarknaden får halde fram på eiga hand, kan ein risikere at for mange har tatt opp for store lån, og dermed må stramme inn sin økonomi.

– Då vil arbeidsløysa auke, ein vil få fleire konkursar i næringslivet og bankane sitt tap på næringslivslån vil auke. Det var det me skjedde for 25 år sidan, og som førte oss inn i ei krise. Og det er det mange andre land, som har opplevd sterk prisvekst på bustader, etterfølgt av kraftig fall, har opplevd, seier Balterzen.

– Vil ikkje ha effekt

Han trur ringverknadane for resten av den norske økonomien kan bli alvorlege.

– Når mange som har mykje gjeld må stramme inn mykje på sine teneste- og varekjøp så vil det få store negative konsekvensar for samfunnet under eitt, og også for enkeltpersonar, seier Balterzen.

Idar Kreutzer

– FEIL MEDISIN: Administrerande direktør Idar Kreutzer i Finans Noreg meiner hovudutfordringa i bustadmarknaden er at det er liten tilgang på nye bustader i pressområda.

Foto: CF Wesenberg/Finans Norge

Administrerande direktør i Finans Noreg, Idar Kreutzer, meiner hovudutfordringa i bustadmarknaden er at det er liten tilgang på nye bustader i pressområda. Og det byggjast for lite og for dyrt.

Forslaga frå Finanstilsynet meiner han er kraftfulle, men at dei vil ha liten effekt på prisveksten.

– Desse tiltaka vil ha to hovudeffektar. Det eine er at ein detaljert fortel bankane om korleis dei skal gi lån. Det andre er at krava til eigenkapital vert stramma inn og det held unge ute av marknaden, og ha ein vridningseffekt som ikkje er ønskjeleg, seier Kreutzer.

– Dei unge vil bli råka

Han trur det er dei mest økonomisk sårbare gruppene som vil stå att med Svarte-Per.

– Det er særleg unge som vil bli råka av desse forslaga, som har jobb og forventar god inntektsutvikling, men dei har ikkje foreldre som kan stille opp med pant. Dei vil slite med å kome inn i marknaden, meiner Kreutzer.

Finanstilsynets direktør seier seg einig i at unge vil bli haldne utanfor marknaden.

– Dette er tiltak som fører til at utlånspraksis i bankane blir meir restriktiv. Det vil mellom anna bidra til at det er dei mest sårbare gruppene som i mindre grad vil få lån, enn om ein ikkje hadde hatt eit slikt tiltak, seier Morten Balterzen.

Han meiner likevel at tiltaka vil bremse presset i marknaden, og at det vil vere ein fordel for dei som skal inn i bustadmarknaden for første gong.

AKTUELT NÅ