Hopp til innhold

Mattilsynet vil trappa opp sushi-kontroll

Medan nordmenn sluker rått det dei vert servert på sushi-restaurantane i landet, har Mattilsynet varsellampa på. Etter nyttår kan sushi-kokkane få hyppige besøk av tilsynet.

sushi

Mattilsynet sentralt skal no ta stilling til om sushi-utsal skal bli eit nasjonalt prioritert område i 2011.

Foto: YOSHIKAZU TSUNO / AFP

Den japanske nasjonalretten er populær som aldri før her til lands. I 2003 gav søkeordet sushi eitt einaste treff på Gule Sider. I dag er lista på over hundre.

Men medan sushi-konsumet har blomstra, har ikkje Mattilsynet ført meir tilsyn enn det dei gjer med andre serveringsstader

Sist distriktskontoret i Oslo hadde ei undersøking spesifikt på sushi-restaurantar var i årsskiftet 2007-2008.

Mattilsynet vedgår at det no er behov for ein landsomfattande kampanje, og varslar at sushi-restaurantar kan bli eit nasjonalt prioritert område i 2011.

Dårleg blant halvparten

Mattilsynet sitt regionkontor Oslo, Akershus og Østfold har spelt inn eit forslag til sentralstyret om å halda eit spesielt godt auga med sushi-utsal det kommande året.

– Me har føreslått auka tilsyn med sushi fordi dette er mat som ikkje blir varmebehandla før servering. Difor er det ekstra kritisk med god hygiene og kunnskap om korleis fisken skal behandlast, seier seksjonssjef ved Mattilsynet i Oslo, Marit Kolle.

Kolle viser også til den aukande populariteten som sushi har fått blant nordmenn.

– Sushi har vorte veldig populært, og talet på sushi-restaurantar har auka kraftig. Då bør også Mattilsynet trappa opp sine kontrollar, seier ho.

Leverandør og behandling avgjer

Finn Aas i Forbrukerrådet

Finn Aas i Forbrukarrådet.

Foto: cf-wesenberg/kolonihaven.no

Halvparten av den fisken som vert seld i ferskvarediskane er dårleg og ti prosent er ueigna som menneskemat, viser ei ny undersøking som Forbrukarrådet har gjort.

Ansvarleg for undersøkinga, Finn Aas seier det ikkje kan trekkjast konklusjonar om stoda i norske sushi-utsal på bakgrunn av denne undersøkinga,

– Sjølv om fisken kjem frå same leverandør, kan kvaliteten bli forringa seinare i energikjeda. Behandlinga fisken får der den blir seld er også avgjerande for framveksten av rotningsbakteriar, seier Aas.

Kolle i Mattilsynet meiner likevel at dei hårreisande oppdagingane som Forbrukarrådet har gjort er ein tankevekkjar - også når det gjeld sushi.

– Det er klart me vert uroa. Det er aldri bra å sjå slike resultat, seier ho.

Dårleg blant halvparten

I Sushi-prosjektet til Mattilsynet utført for to år sidan, blei det teke prøvar frå 11 inspiserte verksemder. Heile seks av desse, eller over halvparten, hadde minst eitt prøveresultat som ikkje var tilfredsstillande.

Som følgje av Mattilsynet sine undersøkingar måtte ei verksemd stengja heilt. I ei anna verksemd blei produksjonen og omsetnaden av sushiprodukt stengd, medan ein tredje utsalsplass fekk tvangsmulkt.

Ifølgje Mattilsynet hadde dei nedslåande resultata ein klar samanheng med dårleg hygiene.

Parasittar

Sushi

Ordet «sushi» tyder ikkje rå fisk, slik mange trur, men «ris med eddiksmak».

Foto: Scanstockphoto

Sushi består hovudsakleg av ris, grønsaker, eddik og rå fisk. Ordet «sushi» tyder ikkje rå fisk, slik mange trur, men «ris med eddiksmak».

Opprinneleg tilsette japanarane eddik i risen, ikkje som smakstilsetting men som konserveringsmiddel ettersom fryserom ikkje fanst.

I dag vert det stilt strengare krav til restaurantane si handtering av fisk som skal serverast rå.

Den norske fiskekvalitetsforskrifta har lenge hatt eit krav om at fisken må djupfrysast om den skal serverast nesten eller heilt rå på restaurant.

Føremålet med å frysa ned fisken til 20 minus i eitt døgn, er å ta knekken på parasittar som kan gje kvalme, store magesmerter og allergiske reaksjonar.

– Ikkje alltid kompetanse

Tunfisk

Forderva tunfisk kan gje kraftige allergiske reaksjonar som elveblest og hjarteklapp.

Foto: Christophe Ena / Ap

Ein annan helsefare er framveksten av stoffet histamin, særleg i rå tunfisk, dersom den blir liggjande for lenge på kjøkkenbenken i høg temperatur. Forderva tunfisk kan gje kraftige allergiske reaksjonar som elveblest og hjarteklapp.

I smørfisken er det ei spesiell fettsyre som er tungt fordøyeleg for mennesketarmen, og kan gje diaré.

Kolle i Mattilsynet understrekjer at dei som skal servera rå fisk veit korleis dei skal handtera denne råvara.

– Men me ser av erfaring frå tilsyn at det er feil, manglar og avvik frå regelverket. Dei som sel sushi har ikkje nødvendigvis den kompetansen som trengs for å kunne gje kundane trygg og god mat.

Mattilsynet sentralt skal ta stilling til om sushi-utsal skal bli eit nasjonalt prioritert område i 2011 i februar.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger