Hopp til innhold

Bustadprisane aukar, men det er færre sal

Bustadprisane steig med 3,1 prosent i januar. Det viser tal frå Eiendom Norge. Januar er ein månad der prisane tradisjonelt stig.

Visning

STOR INTERESSE: Større etterspurnad enn det er bustader på marknaden pressar prisane oppover.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Til trass for at alle regionar opplevde bustadprisvekst i januar, viser oversikta for dei siste tolv månadene at veksten i dei fleste store byregionar er fallande, seier administrerande direktør Christian Vammervold Dreyer i Eiendom Norge.

Christian Dreyer

VIL HA TILTAK: Administrerande direktør Christian Vammervold Dreyer i Eiendom Norge vil ha fleire byggeprosjekt ut i marknaden.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

I januar vart det seld vel 5.600 bruktbustader, ein nedgang på 13,3 prosent frå januar i fjor. Nedgangen skjer først og fremst i Oslo og Rogaland.

– Hovudårsaka er at det særleg på det sentrale austlandsområdet er få bustader til sal, seier Dreyer.

Han meiner det er behov for tiltak, særleg i Oslo, for å få nok byggeprosjekt ut i marknaden.

Her er hovudpunkta frå Eiendom Norge:

  • Bustadprisane i januar 2016 steig nominelt med 3,1 prosent.
  • Korrigert for sesongvariasjonar steig bustadprisane med 0,7 prosent
  • Bustadprisane dei siste 12 månadene viser ein oppgang på 5,2 prosent
  • Alle byar hadde ein prisoppgang i januar. Larvik hadde sterkast utvikling med ein oppgang på 3,8 prosent. Stavanger hadde svakast utvikling med ein oppgang på 2,0 prosent.
  • I snitt tar det 47 dagar å selje ein bustad, mot 48 dagar i tilsvarande månad i fjor.

– Eit byks når juleferien er over

Obos har hatt vekst i januar. Deira tal viser ein oppgang på 4,2 prosent frå desember.

Åge Pettersen

VEKST: Obos har hatt ein oppgang på 4,2 prosent frå desember i fjor til januar i år.

Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen / Info Marked Medlem

– Den kraftigaste veksten kjem ofte dei første månadane av året, og rett før sommaren. Så har det gått noko ned mot slutten av året, for så å gjere eit byks når folk er ferdige med juleferien og ser at dei framleis har jobb, seier kommunikasjonssjef Åge Pettersen i Obos.

– Årsaka til at oppgangen er såpass kraftig er at det er færre bustader til sals, då pressar etterspurnaden prisane opp.

Vekst i Stavanger, men byen er ikkje friskmeld

Gamle Stavanger og nye leiligheter bak

TREIGT: I Stavanger har fallande oljepris fått følgjer i bustadmarknaden.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

I Stavanger er situasjonen ein ganske annan enn på det sentrale Austlandet. I januar steig prisane med 2,0 prosent frå desember i fjor.

– Det betyr ikkje at marknaden er friskmeldt. Dersom vi sesongkorrigerer resultatet vil den vise ein negativ utvikling i prisane. Tilbodssida er rekordhøg og det er kraftig fall i talet sal. Det gjer at Stavanger vil ha ein negativ utvikling i tida som kjem, seier Dreyer.

AKTUELT NÅ