Cecilie Sivertzen Bjørndal - Cecilie Bjørndal overlevde den dramatiske ulukka for tre år sidan. No gjer ho alt ho kan for at andre skal sleppe å oppleve det same som ho. - Foto: Privat /

Cecilie Bjørndal overlevde den dramatiske ulukka for tre år sidan. No gjer ho alt ho kan for at andre skal sleppe å oppleve det same som ho.

Foto: Privat

Vart lam på grunn av ein SMS

Cecilie Bjørndal (23) vart lam frå brystet og ned då ho vart påkøyrt av ein lastebil medan sjåføren skreiv SMS. Over 11.000 bilførarar er bøtelagde for å snakke i mobiltelefon hittil i år.

– Eg har aldri vore bitter eller sint på sjåføren. Då måtte eg ha vore sint på svært mange. Alt er veldig tilfeldig.

Cecilie Bjørndal har bestemt seg for å nytte energien sin på at det som skjedde med henne ikkje skal skje med andre. Ho er aktiv i haldingskampanjar for Trygg Trafikk, og i år stiller ho opp for Utrykningspolitiet.

Vi møter henne på Facebook-sida til Utrykningspolitiet. Cecilie var 19 år gammal då ho var passasjer i ein bil som vart påkøyrt av ein lastebil. Sjåføren skreiv SMS på mobiltelefonen medan han køyrde då ulukka skjedde.

– Eg og mamma satt i bilen i eit kryss, og då kom det ein lastebil bakfrå og køyrde over bilen vår. Han var oppteken av å skrive ein SMS og hadde ikkje sett bilane framføre seg, fortel Cecilie til NRK.no.

Eg er eit bevis på at det er viktig å vere forsiktig i trafikken. Eg vil ikkje at andre skal ende opp som meg

Cecilie Bjørndal

Når ein ser bilvraket er det vanskeleg å førestille seg at nokon har overlevd.

Cecilie vart lam frå brystet og ned, brakk alle ribbeina på høgre side, punkterte ei lunge, brekte delar av ribbeina og knuste høgrearma. Mora knuste beina i ansiktet og bekkenet.

– Eg er eit bevis på at det er viktig å vere forsiktig i trafikken. Eg vil ikkje at andre skal ende opp som meg, eller verre. Kan eg hjelpe berre éin person, så er eg nøgd, seier ho.

– Haldningsendring må til

Fungerande sjef for Utrykningspolitiet, Ole Høiby. - Ole Høiby opfordarar alle bilistar til å stanse om dei må snakke i mobiltelefonen. - Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Ole Høiby opfordarar alle bilistar til å stanse om dei må snakke i mobiltelefonen.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Fungerande sjef for Utrykningspolitiet, Ole Høiby, meiner det er nødvendig med ei haldningsendring når det gjeld bruk av mobiltelefon i bil. Han ber innstendig alle om å stanse bilen før dei startar ein samtale med ein handhalden mobiltelefon.

Han fortel om ein kontroll i eit bustadområde i tida då folk køyrer heim frå jobb. I løpet av realtivt kort tid vart mellom 50 og 60 bilførarar med telefonen på øyret vinka inn.

Med 1300 kroner i forelegg blir det fort pengar i statskassa på denne måten. Og dei som sender tekstmelding under bilkøyring, slepp ikkje unna med eit forenkla forelegg.

Cecilie Bjørndal - - Det er berre trist. Slik er reaksjonen frå Cecilie når ho får høyre den dystre statistikken om mobilbruk i trafikken. - Foto: Privat /

- Det er berre trist. Slik er reaksjonen frå Cecilie når ho får høyre den dystre statistikken om mobilbruk i trafikken.

Foto: Privat

– Slik tilfelle blir det oppretta sak på. Og har tekstinga ført til ulukker, så må bilføraren rekne med å misse førarkortet, seier Ole Høiby.

Cecilie reagerer når ho får høyre om statistikken frå politiet.

– Det er rett og slett veldig trist. Eg synest folk burde tenkje seg meir om. Ein har ikkje berre ansvar for seg sjølv i trafikken.

– Kvifor trur du at så mange likevel brukar mobiltelefon i trafikken?

– Eg trur det mange som tenkjer at det ikkje er lov, men «det skjer jo ingenting med meg». Det var nok dette sjåføren som køyrde på meg også tenkte.

Det har vore forbode å bruke handhalden mobiltelefon i bil her i landet sidan 2000.

11.000 førelegg første halvår

11.022 førelegg gav staten ei ekstrainntekt på 14,3 millionar kroner, opplyser informasjonsansvarleg Tore Bratt ved Statens innkrevingssentral i Mo i Rana til NRK.no. I samme periode i fjor var talet 11.234.

Talet på sjåførar som blir tekne med telefonen i handa under køyring har altså endra seg marginalt i forhold til dei første seks månadene i fjor, men Ole Høiby, er ikkje i tvil om at det er store mørketal.

Han opplever bruken av mobiltelefonar i bil som eit stort trafikkproblem.

– Ser det dagleg

Mobilbruk i bil - Dette kan koste deg 1300 kroner i bot, om politiet er i nærleiken. - Foto: Aamodt, Lars / Scanpix

Dette kan koste deg 1300 kroner i bot, om politiet er i nærleiken.

Foto: Aamodt, Lars / Scanpix

– Vi ser det dagleg ute i trafikken, men vi har ikkje kapasitet til å stanse alle utan å skape trafikkfarlege situasjonar. Men ser vi eit tilfelle framfor oss i ei bilkø til dømes, så stansar vi vedkomande, seier Høiby.

Han trur dei fleste har opplevd situasjonar der bilførarar som snakkar i mobiltelefonen har skapt trafikkfarlege situasjonar. Det kan vere ein møtande bil som kjem over midtstripa eller andre situasjonar der føraren tydeleg er ukonsentrert som følgje av mobilbruk.

Fungerande UP-sjef Ole Høiby - Fungerande UP-sjef Ole Høiby med ein av dei rundt 40 sivile bilane som skal overvake trafikken i sommar. - Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Fungerande UP-sjef Ole Høiby med ein av dei rundt 40 sivile bilane som skal overvake trafikken i sommar.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Det er ikkje utarbeidd skikkeleg statistikk over ulukker som skuldast bruk av mobiltelefon i bil, men Høiby seier det ikkje er tvil om at det har vore fleire alvorlege ulukker som følgje av bruk av mobiltelefon.

Farleg framferd i trafikken

Ole Høiby fortel at Utrykningspolitiet i sommar har fokus på fire område. Det er fart, rus, bilbelte, samt aggressiv og farleg framferd i trafikken. Bruk av mobiltelefon kjem inn under kategorien farleg framferd.

Han minner om at trafikken om sommaren er verre enn elles i året. Det er mange turistar som ikkje er kjende i området dei køyrer , og det kan vere forhold inne i bilen som kan ta merksemda til føraren bort frå trafikken.

– Det er noko heilt anna å køyre bil med matpakka til å frå jobb og å køyre ein fullpakka feriebil med heile familien. Det kan vere grinete og masete ungar, eller andre ting som kan gå ut over konsentrasjonen. Derfor er det så avgjerande viktig å konsenstrere seg 100 prosent om bilkøyringa, seier Høiby.

Solide bøter i Europa

I dei fleste land i Europa er det solide bøter for å køyre bil med mobiltelefon i handa. Eit unntak er Sverige. Dette forklarar Høiby med at dei støttar seg på forsking som seier at det er det å bruke mobiltelefonen som er det farlege, og at det ikkje er skilnad på å halde telefonen i handa eller å bruke ei handsfree-løysing.

UP vil vere synlege på vegen i sommar. - Utrykningspolitiet kjem til å overvakte trafikken i sommar, både i uniformerte og sivile bilar.UP

Utrykningspolitiet kjem til å overvakte trafikken i sommar, både i uniformerte og sivile bilar.

Foto: UP

I eit land som Italia risikerer ein 600 euro, nesten 5000 kroner, i bot for å snakke i mobiltelefon under køyring.

– Her i landet er det lagt til grunn for lovverket at det er farlegare å bruke handhalden telefon enn ein som er fastmontert. Og det er det vi handhevarar, seier UP-sjefen.

Dei fleste som blir tekne for mobilbruk i bil, blir vinka inn i samband med stasjonære politikontrollar, gjerne i kombinasjon med fartskontroll.

UP med kraftig kikkert

– Vi stiller oss på stader der vi har god oversikt. Politifolka utstyrer seg med ein kraftig kikkert, og så blir observasjonen formidla vidare til dei som vinkar bilane inn, fortel Høiby. På slike kontrollar blir det ikkje brukt videoopptak.

Video blir derimot brukt når sivile politibilar kjem over ulovleg mobilbruk eller anna farleg framferd i trafikken.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.