Hopp til innhold

Varslarar er glade og letta over Giske-konklusjon

– Det viktige for meg var at han ikkje lenger skulle vere i ein posisjon kor han kunne halde fram å misbruke tilliten han har fått, seier éin av Giske-varslarane til NRK.

Trond Giske

SJUKEMELD: Tidlegare nestleiar i Arbeidarpartiet, Trond Giske, er sjukemeld i kjølvatnet av varslingssakene mot han. Torsdag konkluderte Ap med at Giske har brote dei interne retningslinjene om seksuell trakassering. Advokatane til Giske reagerer på at Ap har konkludert utan at han fått komme med sitt fulle tilsvar.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Torsdag kom konklusjonen til Arbeidarpartiet om dei mange varslingssakene mot tidlegare nestleiar Trond Giske: han har brote retningslinjene til Arbeidarpartiet om seksuell trakassering.

Advokatane til Giske reagerte med sinne og meiner Ap har konkludert utan at den avgåtte nestleiaren har fått komme med sin versjon. Det tilbakeviser partileiar Jonas Gahr Støre.

For dei mange varslarane gjer Ap-konklusjonen at dei kan senke skuldrene.

Svært lettande

NRK har prata med fire varslarar som seier dei no har fått vite at det dei opplevde ikkje var greitt. Alle fire har fått beskjed om at partiet meiner Giske har brote regelverket i deira sakar.

– Denne saka har vore ei byrde for meg, seier éin av dei, som ønskjer å vere anonym.

Ho er svært letta over konklusjonen til Arbeidarpartiet, og seier ho er einig i at det ikkje er naudsynt med ytterlegare reaksjonar etter Giske allereie har trekt seg frå alle verv.

– Det viktige for meg var at han ikkje lenger skulle vere i ein posisjon kor han kunne halde fram med å misbruke tilliten han har fått frå partiet, seier varslaren.

I dag fekk eg endeleg unnskyldninga til Giske. Så vidt eg forstår nektar han ikkje for det som skjedde, bortsett frå det som skjedde då vi var på tomannshand. Resten har han ikkje nekta for. Det kunne han ikkje heller, for der var jo vitne.

Tidlegare AUF-ar

– Glad for at eg varsla

Den andre varslaren NRK har vore i kontakt med er den tidlegare AUF-aren som trekte seg frå politikken etter fleire episodar med upassande oppførsel frå Giske. Ho er glad for at Ap er så tydelege om alle varsla.

– At nokon ikkje hugsar, kan ikkje vere ei unnskyldning for at ein ikkje vil ta omsyn til det. Arbeidarpartiet har heile tida vore klare på at dei trur på varslarane. Det er eg glad for. Elles trur eg det hadde vore mykje verre å stå i det.

For henne var episodane med Giske noko ho skamma seg over. I eit intervju med Nordlys i desember fortalde ho fleire detaljar frå episodane med den dåverande statsråden.

Han la armane rundt meg og byrja å kysse meg. Han blei svært pågåande og intens. Han strauk over ryggen under skjorta. Eg hugsar at eg blei redd.

Varslar / Nordlys, 22. desember

Til NRK seier ho at intervjuet med Nordlys i desember førte til at fleire stod fram.


– Eg er glad for at eg varsla, og eg er veldig glad for at media følgte denne prosessen parallelt. Det verka som om saka i Nordlys førte til at fleire stod fram, og det var fyrst då media tok tak i saka at eg følte folk forsto alvoret i saka.

Ho håper at ho har bidrege til at fleire har kunnet stå fram:

– Dersom dette har bidrege til at ein har fått belyst metoo-problematikken, følest det som ein dobbelt siger: Vi har løfta fram ein viktig diskusjon, som kanskje har hjulpe til at fleire har varsla om seksuell trakassering. Og så har eg fått ei unnskyldning frå Giske, medan Arbeidarpartiet har konkludert med at det er brot på deira regelverk. Eg forventa ikkje noko mindre, men det var godt å høyre, seier ho.

Ho fortel at ho har venta på at Giske skulle komme med eit tilsvar, noko han aldri gjorde. Konklusjonen til Ap er uansett akkurat som forventa.

– Men det var godt å høyre, seier ho, og fortel at ho òg har fått unnskyldning frå Giske.

Giskes advokat

STADFESTAR UNNSKYLDNING: Trond Giskes advokat Christopher Hansteen seier at Giske har unnskylda til to varslarar, mellom anna den tidlegare AUF-aren.

Foto: CHRISTIAN KRÅKENES

Advokaten: Han har unnskylda

Advokaten til Trond Giske, Christopher Hansteen, stadfestar at Giske har unnskylda upassande oppførsel i saka med den tidlegare AUF-aren.

– Overfor to varslarar har han orsaka upassande oppførsel, seier Hansteen.

Han vil ikkje kommentere innhaldet i enkeltvarsel utover å stadfeste at dette er éi av dei to sakene han har unnskylda.

– Men ut ifrå det ho seier, stadfestar ho jo vår innvending om at Ap har konkludert utan at Giske har fått gi sin versjon, seier Hansteen, som har fått høyre alle utsegnene til varslarane NRK har prata med.

– Han har fått god tid

Den tidlegare AUF-aren er derimot tydeleg på at Giske har hatt meir enn nok tid til å fortelje sin versjon. Ho meiner Ap ikkje forstod alvoret i starten, og at ho ikkje blei prioritert, men at det betra seg etter kvart.

– Det er Giske som har forseinka denne prosessen, det er berre han dei har venta på. Ap har utvist forståing, samtidig som dei har vore harde. Han han har fått god tid, og ein stad måtte dei setje strek. Eg er glad for at dei no har sett denne streken. Han har eit ansvar, meiner ho.

Tidlegare har Giske avvist at han har seksuelt trakassert nokon. Samstundes har han unnskylda upassande oppførsel, men meint at fleire av varsla er falske.

Se hele intervjuet med APs nestleder Trond Giske i Dagsrevyen.

UNNSKYLDA: Trond Giske uttalte seg direkte om varsla mot han i desember.

Stussar over tilsvar-kritikk

Ein tredje varslar som NRK har vore i kontakt med seier ho er glad for at Arbeidarpartiet har valt å tru på hennar versjon av saka.

Ho stussar òg over at Giske seier han ikkje har fått komme med tilsvar, og seier at ho har fått høyre hans versjon av saka, via advokaten til Arbeidarpartiet.

Advokat Hansteen meiner derimot at kritikken er rettmessig.

– Det er på det reine at han ikkje har fått komme med sitt tilsvar. Han har hatt to møte med Arbeidarpartiet, 21. desember og 1. januar, men det var ikkje noko fullstendig tilsvar han gav då, seier Hansteen.

Han meiner det var ein føresetnad at Giske skulle få komme med sin eigen versjon.

– Dette er episodar som ligg tilbake i tid, og det krev tid å førebu eit forsvar av det. Giske har vore så sjuk at han ikkje har fått høve til å svare, meiner advokaten.

Christopher Hansteen sier Arbeiderpariet skyver bevisbyrden over på Trond Giske.

SINT: Trond Giskes advokat var ikkje fornøgd med at Ap konkluderte før han meiner Giske har fått gitt sitt fulle tilsvar.

AKTUELT NÅ