Hopp til innhold

Truga med å kopiere Behring Breivik

Ein 49 år gammal mann frå Estland er dømd til fengsel for å truge med å kopiere handlingane til Anders Behring Breivik.

Tre dagar etter terroråtaket 22. juli ringte den 49 år gamle mannen frå Tallinn til nødtelefonen i Estland. Han fortalte at nøyaktig det same som hadde skjedd i Noreg kom til å skje tre timar seinare i Riga, hovudstaden i Latvia. Dette skriv den estiske nettavisa Postimees.

Politiet gjekk i kort tid etter ut med ein bombealarm i byen, før dei klarte å pågripe mannen og forsikre seg om at trugselen var falsk.

Mannen vart måndag dømd til ett års fengsel, der tre månadar er på vilkår.

AKTUELT NÅ