Hopp til innhold

Treholt-tapene er i hus hos NRK

NRK fekk endeleg i hus historiske opptak frå Arne Treholt-rettssaka. – Ein merkedag for norsk offentlegheit, seier nyheitsdirektør i NRK, Per Arne Kalbakk.

Det er eit historisk sus over dei tre stresskoffertane frå 1980-talet som i helga har teke vegen frå dei skjulte gongane hos Politiets Tryggingsteneste (PST) til NRK-arkivet.

Etter å ha venta i mange år har norsk presse endeleg motteke lydbandopptak frå den ugraderte delen av rettssaka mot spiondømte Arne Treholt.

NRK tek vare på dei ugraderte lydopptaka på vegner av pressa. Dei utgjer ein fjerdedel av dei totalt 263 kassettane med 175 timar med lyd frå rettssaka.

– Historisk

Påtalemakta bestemte for ein månad sidan at pressa endeleg skulle få innsyn i opptaka. Noko nyheitsdirektøren i NRK, Per Arne Kalbakk, ser på som ei historisk avgjersle.

Per Arne Kalbakk

Nyheitsdirektør i NRK, Per Arne Kalbakk, er glad for at opptaka frå Treholt-saka no er i hus hos NRK.

Foto: Nadia Frantsen

– På vegner av NRK, norsk presse og den norske offentlegheita er eg veldig glad i at me endeleg har fått tilgang til lydbanda som er dokumentasjon på den største spionsaka i Noreg. Så dette er ein merkedag for norsk offentlegheit.

– Kva trur du ein vil få ut av desse opptaka?

– Eg trur ikkje folk skal vente seg dei store nyheitene av dette materialet. Først og fremst har det ein verdi som ein historisk dokumentasjon.

– Kvifor er det då ein merkedag?

– Det har jo vore slik med Treholt-saka at både me og andre har vore ueinige med PST i korleis dette må handsamast. Me har ikkje noko problem med å forstå argumenta til PST, men no lever me ei anna tid, og offentlegheita bør få innblikk i ei så viktig sak. Difor er dette ein prinsipiell siger.

Resten kan bli tilgjengeleg i haust

Men det finst andre lydopptak, frå den lukka delen av rettssaka.

Påtalemakta har fått frist av lagmannsretten til 30. oktober med å gå gjennom materialet og gje ei tilbakemelding dersom dei framleis meiner delar av opptaka må hemmeleghaldast.

Kalbakk meiner det er gode grunnar til at også desse bør bli gjort tilgjengeleg for pressa og offentlegheita.

– Desse opptaka vart graderte av omsyn til rikets tryggleik. Haldninga vår er at dette sikkert var eit gyldig argument på 1980-talet under den kalde krigen, men no er verdssituasjonen ein heilt annan, seier Kalbakk.

Mesteparten av Treholt-saka gjekk for lukka dører, og lagmannsretten avgjorde å ta opp forhandlingane på lydband til internt bruk.

Pressa har fremma ei rekkje oppmodingar om innsyn av opptaka, og i mars fekk media medhald då Høgsterett bestemte at lagmannsretten må vurdere krava på ny.

Les: Pressen vant frem med Treholt-anke

– Ekstra spennande å passe på

Arkivleiar Vilde Ronge ved NRK sitt dokumentarkiv har fått det ærefulle oppdraget med å passe på dei historiske kassettane.

– Me er vant med å handtere materiale som treng å vere sikkert, men sidan dette er ein såpass mykje omtalt sak, er det ekstra spennande å passe på desse opptaka, seier Ronge.

For dei som skulde vere bekymra for dei sårbare kassettopptaka kan Ronge forsikre om at dei er i rette hender.

– Dette er eit brannsikkert rom, så dersom me mister alt anna har me iallfall Treholt på tape, seier Ronge.

Det er NRKs undersøkjande redaksjon, Dokumentar og Samfunn, som får oppgåva med å gå gjennom alle timane med lydopptak. Men først skal alt digitaliserast og delast med dei 16 andre medieverksemdane som står bak innsynskravet.

Det er en omfattende jobb for PST og departementer å vurdere av gradering av lydopptakene fra Treholtsaken sa Lasse Qvigstad i Dagsnytt 18 i dag.Båndene som allerede er avgradert kan pressen nå få innsyn i.

SJÅ VIDEO: Statsadvokat Lasse Qvigstad seier det vil bli ein omfattande jobb å gå gjennom Treholt-opptaka.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger