Per Oretorp - Assisterande generalsekretær i Landsforeininga for trafikkskadde er klar for å kjempe i Høgsterett. NRK

Assisterande generalsekretær i Landsforeininga for trafikkskadde er klar for å kjempe i Høgsterett.

Foto: NRK

Trafikkskadde tek gruppesøksmål til Høgsterett

Landsforeininga for trafikkskadde ankar til Høgsterett etter at dei tapte eit gruppesøksmål mot staten.

Staten blei i Borgarting lagmannsrett frikjent for erstatningsansvar for personar som blei skada i perioden 1994–2000.

Landsforeininga for trafikkskadde (LTN) meiner ein feil i lovverket er årsaka til at dei aktuelle personane ikkje har fått utbetalt erstatning, skriv NTB.

LTN skriv i ei pressemelding at trass i at staten har vedgått at norsk lov var feil i den aktuelle perioden, ønskjer ein ikkje å rette opp den uretten som har ramma uskuldige menneske.

Vann i tingretten – staten anka

Det var i 2010 at foreininga gjekk til gruppesøksmål mot staten. Oslo tingrett dømte då i LTN sin favør.

Retten meinte då a t staten, ved justis- og politidepartementet, var erstatningsansvarlege for manglande gjennomføring av EØS-avtalen sitt motorvogndirektiv for oppreising etter trafikkulukker.

Staten anka denne dommen, og saka gjekk til lagmannsretten der LTN tapte og blei pålagt å betale sakskostnader både for seg sjølve og for staten.

LTN håpar framleis å vinne fram med kravet sitt for å gi dei skadde ein sjanse til å bli ferdige med erstatningskrava sine i Høgsterett.

– Retten forstår ikkje belasntninga

Assisterande generalsekretær i Landsforeininga for trafikkskadde, Per Oretorp meiner dommen ikkje kan bli ståande.

– Vi har bestemt oss for å anke saka til Høgsterett. Vi kan rett og slett ikkje akseptere at uskuldige menneske må betale prisen for Staten sin feil, seier Oretorp.

Då dei tapte saka i Borgarting lagmannsrett blei Oretorp skuffa, men ikkje overraska.

– Eg føler at retten ikkje syns å ha fullt ut forstått den belastninga det er for gruppesøksmålsdeltakarane å ikkje få moglegheita til å avslutte erstatningssakene, seier Oretorp i ei pressemelding på foreininga sine nettsider.

Staten erkjente erstatningsansvar

Staten erkjente erstatningsansvar for dei som blei ramma i perioden 2001–2009 ifølgje Oretorp.

Men han seier staten likevel ønskjer å sette eit punktum for sakene frå 1994 – 2000, noko Oretorp meiner er urimeleg.

– At personar som har vore utsett for aktlaus køyring i perioden 1994 – 2000 ikkje skal få same behandling og moglegheit til å bli ferdig med sakene som dei i 2001 – 2009, er urimeleg, seier Oretorp i pressemeldinga etter tapet i lagmannsretten 23. mars i år.

– Går utover dei skadde

Ifølgje LTN er dommen svært skuffande fordi foreininga meiner det er menneske som ikkje får erstatninga dei har krav på.

– Trass i at staten har vedgått at norsk lov var feil i denne perioden, vert ikkje uretten retta opp, seier Oretorp.

Han seier vidare at dette er ei prinsippsak for foreininga.

– VI vil på vegner av våre ramma medlemar føre saka heilt ut, og har difor bestemt oss for å anke avgjerda til lagmannsretten til Høgsterett.

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)