Hopp til innhold

Tette band mellom kongehusa i Noreg og Storbritannia

Når prins William og hertuginne Kate landar i Noreg torsdag, markerer det også dei tette banda som har vore mellom det norske og britiske kongehuset.

Prins William og Kate kommer til Norge de to første dagene av februar. Gjennom tidende har britiske kongelige besøkt Norge en rekke ganger.

Det er tette band mellom kongehusa i Storbritannia og Noreg. Medlemmar av den britiske kongefamilien har vore i Noreg fleire gongar.

Då kong Haakon blei konge i Noreg i 1905, var det to ting som spelte inn på valet. Det eine var at han var gift med prinsesse Maud, som var dotter av den britiske kong Edward VII. I tillegg hadde dei allereie ein tronarving, sonen Alexander, som fekk namnet Olav.

Kong Haakon og dronning Maud

Då kong Haakon blei vald til konge i Noreg i 1905, blei han vald fordi han var gift med Maud, som var dottera til den britiske kong Edward.

Foto: SCANPIX / NTB scanpix

Kong Haakon og dronning Maud hadde eit sterkt forhold til Storbritannia, seier forfattar Tor Bomann-Larsen, som har skrive fleire bøker om det første norske kongeparet i moderne tid.

– Kong Haakon og dronning Maud levde for ein stor del i England før dei kom til Noreg. Dronninga beheldt også det britiske herresetet Appleton House fram til ho døydde i 1938.

Sterke band

Etter at ho flytta til Noreg, var dronning Maud i England kvar vinter, og beheldt med det ei sterk tilknyting til landet. Desse banda var også viktige då kong Haakon og kronprins Olav flykta til London under 2. verdskrig.

Appleton House

Appleton House var ei bryllaupsgåve til dåverande prins Carl og prinsesse Maud. Etter at Maud blei dronning i Noreg, reiste ho hit kvar vinter. Det var også i dette huset kong Olav blei fødd i 1903.

Foto: NTB scanpix

Også kong Olav hadde sterke band til britane. Han var fødd på Appleton House, og studerte blant anna i Oxford.

– Han hadde nær kontakt med den engelske kongefamilien så lenge han levde. Han var fetter av to britiske kongar, Edward VIII og George VI.

Reiste til Noreg først

Då dronning Elizabeth skulle reise på si første utanlandsreise som dronning i 1955, var det Noreg som stod på reiseplanen. På æresbrygga i Oslo tok den norske kongefamilien, med kong Haakon i spissen, i mot henne. På programmet stod blant anna vikingskip, folkedans og lunsj på Skaugum.

Sommeren 1955 kom dronning Elizabeth på statsbesøk til Oslo.

Den britiske filmavisa følgde dronning Elizabeth då ho besøkte Noreg i 1955.

I august 1969 var heile den britiske kongefamilien på privat tur til Vestlandet og Trøndelag, blant anna for å sjå kor Ragnvald Mørejarl, ein av forfedrane til dronninga, kom frå. På turen besøkte dei blant anna Bergen, Trondheim og garden til statsminister Per Borten.

Dronning Elizabeth og hennes familie på besøk i Bergen i 1969

I 1969 reiste den britiske kongefamilien på ein rundreise på Vestlandet og Trøndelag. Blant anna for å utforske området der forfedrane skal ha kome frå.

Foto: NTB Arkiv/Scanpix

Dronning Elizabeth har seinare vore i Noreg på offisielt besøk også i 1981 og i 2001.

Lausare band i dag

Etter at kong Olav døydde i 1991, har ikkje banda mellom kongehusa i Noreg og Storbritannia vore like tette. Ein ting er at slektskapet blir fjernare, men Bomann-Larsen trekk også fram 2. verdskrig som ein årsak.

– Medan faren budde store delar av barndommen sin i England, blei kong Harald sterkare knytt til USA gjennom sitt amerikanske krigseksil.

Hertuginne Kate og prins William

Noregs-besøket til hertuginne Kate og prins William blir av mange sett på som ein sjarmoffensiv i samband med at Storbritannia er på veg ut av EU. Samtidig gir besøket ei anledning til å knyte nye band mellom det britiske og norske kongehuset.

Foto: POOL / Reuters

Men i løpet av det to dagar lange besøket i Noreg skal ikkje prins William og hertuginne Kate sjarmere oss nordmenn midt i ei vanskeleg brexit-tid. Besøket gjer det også mogleg for hertugparet å knytte nye band til eit europeisk kongehus dei har ei lang og felles historie med.

Derfor kommer prins William og Kate til Norge.

AKTUELT NÅ