Hopp til innhold

Talkluss førte til feil i NRK-måling

Norstat har gjort feil i dei to siste meiningsmålingane som er utført for NRK, noko som har gitt feil resultat.

Feil tall i NRKs meningsmåling

NORSTAT BEKLAGAR: Dei nye og kvalitetssikra tala frå Norstat gjev størst utslag for Høgre, Frp og Arbeiderpartiet.

Foto: NRK grafikk

Kommunebarometeret for januar og februar, som er gjennomført av Norstat på oppdrag for NRK, inneheld feil. Resultata som NRK har presentert er difor ikkje riktige.

Hans Peter Wøien, dagleg leiar, Norstat

BEKLAGAR: Hans Peter Wøien, dagleg leiar i Norstat.

– Vi beklagar dette veldig sterkt. Eg skulle ønskje det ikkje hadde skjedd. Vi har retta feilen og det vil ikkje skje i framtida, seier Hans Peter Wøien, dagleg leiar i Norstat.

Tala som vart presentert i januar- og februarmålingane er feil fordi Norstat har køyrd meiningsmålingane opp mot befolkingstal og resultatet av kommunevalet i 2007, i staden for 2011.

– Det har skjedd ein menneskeleg feil. Riktig vektematrise blei dessverre ikkje lagra. Manuelle feil klarer vi aldri heilt hundre prosent å gardere oss mot, seier Wøien til NRK.

Størst utslag for Høgre

Dei nye og kvalitetssikra tala frå Norstat gjev størst utslag for Høgre og Frp.

  • Frp: I januarmålinga fekk partiet 11,5 prosent oppslutnad, men det riktige skal vere 8,4 prosent. Altså ein nedgang på 3,1 prosentpoeng. Det riktige talet for februar skal vere 9,3, ikkje 12,4 prosent.
  • Høgre: Den riktige oppslutnaden for januar skal vere 28,8, ikkje 23,7. Altså ein oppgang på 5,1 prosentpoeng. I februarmålinga er det riktige talet 27,1, ikkje 22,3.

Det var nettstaden Poll of polls som tipsa NRK om at grunnlaget for kommunemålingane frå Norstat kunne vere feil. NRK har delt noko av bakgrunnsmaterialet med nettstaden, og tok umiddelbart kontakt med Norstat.

NRK: – Skal ikkje skje

Svein Ove Hansli, redaksjonssjef i Økonomi- og politikkredaksjonen i NRK, seier han ser alvorleg på feilen i meiningsmålingane frå Norstat.

– Dette skal ikkje skje. Vi er sjølvsagt glade for at vi har oppdaga feilen, slik at vi har moglegheit til å rette opp. Feilen ligg hos Norstat, og vi må bare beklage at denne feilen har resultert i at vi har laga journalistikk basert på tal som ikkje er korrekte, seier Hansli.

Han seier at NRK no vil gå nøye gjennom det som har skjedd.

– Vi skal gjere det vi kan for at dette ikkje skal skje igjen. NRK har bede Norstat om å gå nøye gjennom rutinane sine. Vi er glade for at dei tek denne saka på største alvor, seier Hansli og legg til:

– NRK sine meiningsmålingar skal vere til å stole på, og det skal vi sikre oss at dei er også frametter, seier Hansli.

Retting - februarmåling

Parti

Publisert (feil)

Riktig

Differanse

Ap

38,9

39,7

0,8

Frp

12,4

9,3

-3,1

H

22,3

27,1

4,8

KrF

5,4

4,9

-0,5

Rødt

1,4

1,2

-0,2

Sp

6,3

5,6

-0,7

SV

4,1

3,3

-0,8

V

3,5

3,7

0,2

MDG

3,5

3,1

-0,4

Andre

2,2

2

-0,2

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: Norstat

Retting - januarmåling

Parti

Publisert (feil)

Riktig

Differanse

Ap

36,4

36,9

0,5

Frp

11,5

8,4

-3,1

H

23,7

28,8

5,1

KrF

5,4

4,8

-0,6

Rødt

1,5

1,2

-0,3

Sp

5,8

5,2

-0,6

SV

4

3,2

-0,8

V

4,9

5,2

0,3

MDG

4,1

3,7

-0,4

Andre

2,7

2,6

-0,1

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: Norstat

AKTUELT NÅ