– Det har vore vanskeleg å bevise kva framandkrigarar har gjort i konfliktar som i til dømes Irak og Syria. Dette lovforslaget vil forby all form for aktivitet i ikkje-statleg militær aktivitet, seier justisminister Anders Anundsen
Han meiner det er eit stort samfunnsproblem at personar reiser frå Noreg og sluttar seg grupper som til dømes IS. Han seier at Regjeringa sitt lovforslag er eit direkte svar på desse utfordringane.
Rekruttering vert ulovleg
Førebuingar til slik deltaking, samt rekruttering og bidrag til rekruttering vil også kunne vere straffbart, seier Anundsen.
Han seier det vil verte enklare for Politiets tryggingsteneste no å bevise at ein person er skuldig i desse lovbrota.
– Tidlegare har vi måtta bevise tilknyting til ein registrert terrororganisasjon. Det gjeld ikkje no lenger. No må ein berre bevise at ein har delteke i konflikten, seier Justisministeren.
Anundsen meiner at lovverket har vore utilstrekkeleg på desse områda. Det er til slutt Domstolen som skal avgjere kor grensa for deltaking går.
Utvidar definisjonen på landssvik
Anders Anundsen seier lovforslaga er viktige og naudsynte. Dei vil også ha ei utviding av definisjonen av landssvik ved å gå lenger i å gjere det straffbart å angripe norske styrkar i konfliktar.
– Dersom norske styrkar vert angripne av nordmenn i til dømes Syria eller Irak, vil det verte straffa hardare no, ved at vi utvidar definisjonen på landsvik. Dette vil verte straffa hardare no, seier han.