Hopp til innhold

Partia i Stortinget samde om omskjering

Rituell omskjering av gutar må berre skje anten av ein lege eller med ein lege til stades, har eit samla storting avgjort i dag.

Rituell omskjæring i Istanbul

Eit samla stortinget opnar for rituell omskjering av gutar. Biletet er frå ei omskjering i Istanbul i Tyrkia.

Foto: Anders Ryman

Når lova blir vedteken i løpet av neste veke, må helsestellet leggje til rette for at eit slikt tilbod blir tilgjengeleg. Nødvendig smertelindring blir påbode. Lova blir gjeldande frå 1. januar 2015.

Må betale halvparten

Kjersti Toppe

Kjersti Toppe representerer Senterpartiet i Hordaland på Stortinget.

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

Eit fleirtal i komiteen, beståande av Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet går inn for at familien må betale 50 prosent av dei reelle kostnadene for inngrepet i eigendel, mellom 4000 og 5000 kroner, opplyser Kjersti Toppe i Senterpartiet til NRK.no

Framstegspartiet går inn for at familien skal betale for heile inngrepet, medan Kristeleg Folkeparti gjekk inn for at NAV skulle betale for det.

11. april i år foreslo regjeringa at det skulle leggjast til rette i spesialhelsetenesta for å hindre at gutar blir omskorne av ukunnige personar under helsefarlege forhold.

2000 inngrep i året

Rundt 2000 guteborn blir omskorne her i landet kvart år. Etter at sjukehusa slutta å tilby omskjering, finst det inga oversikt over korleis og kvar desse inngrepa blir gjorde. Både jødar og muslimar praktiserer rituell omskjering av gutar.

Det har vore fleire tilfelle av helseskade hos omskorne gutar, som følgje av manglande kunnskap.

I lovforslaget som vart vedteke i dag heiter det at spesialhelsetenesta skal få ansvar for at det finst eit tilbod om rituell omskjering. Inngrepet kan gjerast både på offentlege sjukehus eller på private klinikkar etter avtale med det offentlege.

LES OGSÅ: Legekontor meldt til Helsetilsynet etter omskjæring

LES OGSÅ: Klinge: – Guttebarn har ikke samme rettsvern som jenter

LES OGSÅ: Får begrenset autorisasjon etter babydødsfall

AKTUELT NÅ