Hopp til innhold

Stenger Gudvangatunnelen i minst seks veker

FLÅM/VANGSNES/OSLO (NRK): Gudvangatunnelen blir stengd i minst seks veker, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Finden seier til NRK at dei ikkje har fått undersøkt tunnelen skikkeleg.

– Men eg har sjølv vore inne i tunnelen ei kort stund og sett at det er store skadar, seier han.

– Tunnelen blei stengd i seks veker ved førre brann, og skadane har om lag same storleik no, seier Finden vidare.

Han fortel at dei skal inn med geolog onsdag, og vil då kunne seie meir om skadeomfanget.

I løpet av få timar tysdag auka trafikken på omkøyringsvegane mellom Aust- og Vestlandet betydeleg og la stort press på ferjene i området.

Ferje Hella-Vangsnes

– Vi kjem til å gå i heile natt. Vi går kvar heile time frå Hella og kvar halve time frå Vangsnes, seier skipper Lars Helge Isdahl.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ferje i Balestrand-sektoren går heile natta

Bilferja «Lærdal» har trafikkert Hella–Vangsnes i heile natt for å ta unna trafikken etter brannen i Gudvangatunnelen.

– Vi kjem til å gå i heile natt. Vi går kvar heile time frå Hella og kvar halve time frå Vangsnes, seier skipper Lars Helge Isdahl.

Trafikken har vore svært stor i Balestrand- sektoren etter at Gudvangatunnelen vart stengd etter at ein buss tok fyr i ettermiddag.

– På det meste var det nok trafikantar som måtte stå over både ei og to ferjer, men vi har køyrt i eitt, i tillegg til at ferja «Sunnfjord» har gått litt ekstra, seier Isdahl.

For når trafikken først losna frå Gudvangen, var det enorme mengder med bilar som skulle via ferjesambandet.

– Men no har det stabilisert seg. Erfaringsmessig veit vi at det no kjem til å roe seg, seier skipperen, som har førre brann i Gudvangatunnelen friskt i minne.

– Det var kaotisk også i dag, men handterleg, seier Isdahl.

Etter planen kjem ferjene til å gå etter normal rute frå klokka 05.30 onsdag morgon.

Statens vegvesen sier tunellen vil stenges i rundt seks uker.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden seier tunnelen var sikra etter gjeldande regler.

AKTUELT NÅ