Arnfinn Moland - UNIK: Sjef på Hjemmefrontsmuseet, Arnfinn Moland, seier Sønsteby hadde ei unik evne til å nå gjennom i foredraga sine. - Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

UNIK: Sjef på Hjemmefrontsmuseet, Arnfinn Moland, seier Sønsteby hadde ei unik evne til å nå gjennom i foredraga sine.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

– Dei som har høyrt Sønsteby, gløymer det aldri

Gunnar Sønsteby arbeidde i mange år med å informere ungdom om motstandskampen. Han hadde ei særeigen evne til å få kontakt med publikum, seier sjefen på Hjemmefrontsmuseet.

Dei siste åra har motstandsmannen Gunnar Sønsteby hatt kontor ved Hjemmefrontsmuseet i Oslo, ofte omtala som Sønsteby sin andre heim.

Sjef på museet, Arnfinn Moland, seier Sønsteby hadde ei unik evne til å få kontakt med ungdom då han heldt foredrag for å informere om motstandskampen.

Gunnar Sønsteby viser kronprins Haakon og Marius rundt på Hjemmefrontmuseet - KONGELEG VISITT: Ikkje berre vanleg ungdom lærte av Gunnar Sønsteby. Her viser han kronprins Haakon og Marius rundt på Hjemmefrontsmuseet. - Foto: Holm, Morten / SCANPIX

KONGELEG VISITT: Ikkje berre vanleg ungdom lærte av Gunnar Sønsteby. Her viser han kronprins Haakon og Marius rundt på Hjemmefrontsmuseet.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX
– Alle hugsar foredraga hans

– Han hadde enorm påverknadskraft og innverknad på ungdommane som høyrte på han. Dei som har høyrt Sønsteby sine foredrag vil aldri gløyme det, seier Moland.

LES OGSÅ: – Sønsteby var eit usedvanleg flott menneske

Arnfinn Moland seier det ikkje er kva som helst slags 94-åring som no legg ned staven. Sønsteby jobba nesten til siste slutt med oppdraget om å informere norsk ungdom og andre om det han brann for.

– Han arbeidde til siste slutt med å forklare kor viktig det er å alltid vere på vakt, å slost for demokratiet, fred og fridom, seier Moland.

Gunnar Sønsteby - SIN ANDRE HEIM: Hjemmefrontsmuseet i Oslo blir omtalt som Gunnar Sønsteby sin andre heim - Foto: Holm, Morten / SCANPIX

SIN ANDRE HEIM: Hjemmefrontsmuseet i Oslo blir omtalt som Gunnar Sønsteby sin andre heim

Foto: Holm, Morten / SCANPIX
Heldt over 2000 foredrag

Sønsteby byrja allereie på slutten av 1940-talet å halde foredrag i USA. Etter at han kom heim til Noreg på femtitalet, har han fram til nyleg heldt over 2000 foredrag på museet og i skular.

LES OGSÅ: Rjukan-samfunnet i sorg etter «Kjakans» bortgang

– Eg har aldri sett maken til energi hjå eit menneske, det er ein fantastisk og heilt spesiell person som no er død, seier Moland.

Spøkjefugl

Arnfinn Moland arbeidde saman med Sønsteby på Hjemmefrontsmuseet, og kan fortelje at han ikkje berre var ein engasjert og utadvendt mann, men hadde òg eit glimt i auget.

– Han var alltid ein spøkjefull person, seier Moland.

– Som han sjølv sa, kallenamnet «Kjakan» var opphavleg eit dekknamn, og blei ein gimmick til slutt. Sønsteby brukte å seie at han i finare selskap kalla seg for «kjeven».